Kva vi kan tilby
- Individuell oppfølging
- Kartlegging av situasjonen
- Samtalar med pårørande
- Hjelp til å meistre og organisere kvardagen
- Hjelp til å samarbeide med andre instansar
- Ved langvarige plager og fleire tenester involvert kan vi koordinere tenester ved hjelp av ansvarsgrupper, individuell plan
- Utforming av kriseplan ved behov
- Informasjon, råd og rettleiing i forhold til psykisk helse og behandling til deg og dine næraste
Kven kan få tilbodet
- Du har utfordringar med rus eller psykisk liding som fører til stort hjelpebehov
- Du treng hjelp i ein periode grunna ulike belastningar
- Du er ungdom eller vaksen
For akutte henvendingar
- Legevakt 116 117
- Ambulant team Nordfjord psykiatrisenter 415 30 370
- Mental helse 116 123
- Kirkens SOS hjelpetelefon 22400040
- Chat: sidetmedord.no
Søknad
Det er ingen søknadsfrist. Det vanlege er at personar vert søkt inn til denne tenesta gjennom fastlege, spesialisthelseteneste, andre kommunale tenester eller NAV. Du kan også nytte felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester i Stad kommune eller ta direkte kontakt med tenesta. Merk at du kan ha rett på andre tenester frå kommunen som til dømes heimehjelp-praktisk bistand, støttekontakt, TT-kort mm.
Søk om helse- og omsorgstenester
Prisar
Psykisk helseteneste er gratis. Andre aktuelle tenester, som til dømes støttekontakt, omsorgsbustad eller heimehjelp må du betale for.
Betalingssatsar i Stad kommune
Behandling av søknad
Det er tildelingsteamet i Stad kommune som behandlar søknaden din. Søknaden vert vurdert med grunnlag i kartlegging, samtaler og funksjonsvurderingar (IPLOS).
Du kan klage på vedtaket innan fire veker etter at du fekk brevet. I klagen skriv du kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Klagen kan du sende til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.
Har du spørsmål?
Har du spørsmål om søknaden din kan du ta kontakt med tildelingsteamet eller bu- og miljøtenesta i Stad kommune.
Lover og forskrifter
Helse- og omsorgstjenesteloven