Barna disponerer sjølve tida på SFO innafor gjevne rammer. Tilbodet skal legge til rette for utvikling og læring gjennom leik, kulturaktivitetar, leksearbeid og samhandling med andre barn.
Organisering og innhaldet i SFO vil variere litt frå skule til skule alt etter kor mange barn som er med på ordninga.Det må vere påmeldt minimum 6 barn for at ordninga kan opprettast og drivast ved den enkelte skule.
Stad kommune har SFO-tilbod på: Stårheim skule, Haugen skule, Hjelle skule, Nordfjordeid skule, Selje skule, Flatraket skule og Stadlandet skule. Du kan ta kontakt med skulen om du har spørsmål om det enkelte SFO-tilbodet
Det skal søkjast gjennom fagportalen Vigilo
Her finn du brukarveiledning for korleis de skal registrere søknad
For å søkje plass i SFO må føresette logge på www.Vigilo.no - logge inn OAS og med ID porten
Her finn de spørsmål og svar om pålogging
Søknadsfrist er 1. august
Det er høve til å søkje om plass gjennom heile skuleåret. Eleven kan då starte på SFO 3 veker etter innsendt søknad.
For barn i 5.–7. klasse med særskilde behov, må du legge fram sakkunnig vurdering. De må kontakte skulen før de søkjer plass til elev med særskilde behov
SFO i feriar
Ved behov kan skulane ha tilbod om SFO i feriar. Dette tilbodet gjeld ei veke før skulestart i august og onsdag, torsdag og fredag både i haust- og vinterferien.
SFO er open kl. 07.30 – 15.30 i feriar, men det må vere minst tre påmelde kvar dag.
Det er eigne betalingssatsar for SFO-tilbod i skuleferiar.
Du finner søknadskjemaet her:
Søknadskjema for SFO veka før skulestart
Her finner du meir informasjon om SFO 2022/2023 (DOCX, 29 kB)
Lov og vedtekter som gjeld SFO