Søknad og sakshandsaming

Målsetting for helse- og omsorgstenestene i Stad kommune

Hovudmålet for den kommunale helse- og omsorgssektoren er å tilby tenester av god kvalitet. Dette skal skje gjennom brukardeltaking, kompetente medarbeidarar kombinert med at tenestene blir gjeve innanfor økonomiske rammer.

Kommunen ønskjer å bidra til flest mogleg gode leveår for alle innbyggjarar og redusere sosiale forskjellar. Tenestene skal planleggjast langsiktig og heilskapleg, med god utnytting av kompetanse og fleksibel bruk av ressursar. Målet er å yte riktige tenester på riktig nivå.

Likeverdige tenester og den enkelte brukaren sitt behov skal stå i sentrum. Tenestene skal fremje livskvalitet og eigen meistring, slik at flest mogleg kan bu i eigen heim så lenge som mogleg.

Tenestestandard Stad kommune

Tenestestandarden, saman med nasjonale føringar, skal vere ei rettleiing for både innbyggarar og tilsette i kommunen. Målet er å skape ei felles forståing av nivået på dei tenestene kommunen tilbyr, basert på myndigheitskrav, politiske prioriteringar samt faglege og juridiske vurderingar.

Ein tenestestandard skildrar omfang og innhald i ei teneste. Standardanen skal også klargjere formålet med tenesta, målgruppa og vilkår for tildeling. Vidare skal dei beskrive kva innbyggarane kan forvente av kommunen – og kva ansvar innbyggarane har sjølve.

  • Tenestestandard er laga for å gjera tildeling og tenesteyting presis, effektiv og føreseieleg. Sett saman utgjer tenestestandarden Stad kommune sin helsetrapp, som viser utviklinga i tilbod av tenester ettersom tenestemottakar får større og fleire behov for hjelp til å meistra kvardagen.

Sakshandsaming av søknader

For å behandle alle søknader om tenester har kommunen eit team med tre sakshandsamarar og ein leiar. Teamet har også ansvar for utskrivingsklare pasientar til kommunen måndag–fredag kl. 08.00–15.30.

Søke tenester

Du nyttar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester i Stad kommune. 
I søknaden skriv du kva du treng hjelp til. 

Søk helse- og omsorgstenester

Søknad om helse- og omsorgstenester papirutgåve (PDF, 150 kB)

Artikkelliste

Kontakt

Sakshandsamarteamet
Telefon 94 81 65 15
Annette Hovden
Einingsleiar Heimetenesta
E-post
Mobil 45 47 84 72