Helse, omsorg og meistring - gode liv i Stad

Å fremje helse i all samfunnsutvikling skal hjelpe oss å skape samfunnet vi ønskjer. Eit aldersvenleg og inkluderande samsfunn ei eitt av fleire viktige satsingsområde i kommuneplanen sin samfunnsdel. 

Her på denne sida finn du informasjon om Stad kommune sitt arbeid - og korleis kommunen jobbar med vidare utvikling av framtidas helse og omsorgstenester. 

Stad kommune sitt helse- og omsorgstenestetilbod er innretta etter to viktige prinsipp: Helse i kvardagen og Kommunale helse- og omsorgstenester.

  • Helse i kvardagen handlar om at innbyggjarane i Stad skal ha god livskvalitet og vere aktørar i eigne liv. Livskvalitet handlar om alt frå glede, meining, engasjement og tilfredsheit, til økonomi, buforhold og deltaking i samfunnet. Alle kan sjølv bidra positivt til livskvaliteten ved å praktisere "dei fem kvardagsgledene"; ver oppmerksam, ver aktiv, knyt band, lære og gi. 
  • Kommunale helse- og omsorgstenester. Framover får vi ei auke av eldre innbyggarar som fører til auka etterspurnad etter helse- og omsorgstenester, samtidig som vi får redusert tilgang på arbeidskraft i yrkesaktiv alder. Stad kommune skal bidra til å sikre berekraftig finansiering av velferda og ei vidare utvikling av samfunnet. Difor ønskjer kommunen vidareutvikle helse- og omsorgstenestene slik at helsepersonellressursane vert nytta mest mogleg effektivt, samstundes som innbyggjarane får dekt sine behov for nødvendig og forsvarleg helsehjelp og omsorg.


Som ein del av det helsefremjande arbeidet ønskjer kommunen å styrke innbyggarane sin helsekompetanse gjennom å formidle oppdatert informasjon, og gje råd og rettleiing basert på nasjonale råd som fremmer god helse.

Stad kommune arrangerte Helse i kvardagen: 60+ på Operahuset i juni. Gjennom faglege innlegg og panelsamtale løfta informasjonsmøtet fram viktige spørsmål om aldring, helse og korleis vi saman kan leggje til rette for gode og trygge liv i eldre år.

På programmet stod mellom anna helse- og omsorgstenestene i Stad, demensomsorg, helseteknologi og den nasjonale satsinga «Bu trygt heime». Deltakarane fekk også høyre meir om friskliv og aktivitet, frivillig arbeid og kva som kan bidra til meistring, fellesskap og livsglede i kvardagen.

I den avsluttande panelsamtalen delte representantar frå kommunen, eldrerådet, Statsforvaltaren og frivillige organisasjonar erfaringar og refleksjonar rundt korleis vi kan møte framtidas behov.

For deg som ikkje kunne vere til stades eller som ønskjer å få med deg innlegga ein gong til, er opptaket tilgjengeleg her.

Sjå opptak frå informasjonsmøtet Helse i kvardagen: 60+

Les meir om tilbod og utviklingsprosjekt

Helse i kvardagen

Les meir om kva du sjølv kan gjere for å oppretthalde eit aktivt, meiningsfullt og trygt liv.
(lenkje)

Eldre dame i rullestol som sitt og pratar med ein sjukepleiar - Klikk for stort bilete

Kommunale helse- og omsorgstenester

Les meir om prosjekta kommunen jobbar med for å utvikle berekraftige helse og omsorgstenester.
(lenkje)

Artikkelliste