LTU Taxi - Ungdomstaxi

Som ei prøveordning kan no ungdom (13 - 19 år) bestille taxi sjølv 
til ein aktivitet dei skal på.  Det er svært viktig å lese seg opp på reglane 
på kva LTU taxien kan brukast til og korleis det fungera:
 

Hovudregel ved all bruk av LTU midlar: 
Kun til aktivitetar/møteplassar som er rusfrie og er open / inkluderande for alle i aldersgruppa. 
Tilbodet gjeld for ungdom som bur i Stad kommune i alder 13 - 19 år. Og til aktivitet/arrangement i Stad kommune.
Og det kan ikkje vere til ein aktivitet du går fast på. (som trening, kulturskule o.l) 

Kva kan ein nytte LTU taxi til: 
-    ungdomsklubb i regi av lag /org eller kommunen.  
(ungdomsklubben må vere open for alle i aldersgruppa)
-    Kino
-    Bygdekino
-    Open hall, Open dag og andre pop up-aktivitetsarrangement for ungdom. 
(til dømes Sommaraktive Stadt, ungdomsarrangement på Hamna treningssenter, 
gratis skidag for ungdom på Harpefossen, open dag på ein 4H eller anna type tilbod  for ungdom.)
-    Kulturarrangement
-    Aktivitet i regi av Stad kommune for målgruppa
(på biblioteket, operahuset og andre forsamlingslokale i kommunen. Som til dømes UKM, skulemusikal)
-    Kurs, foredrag og Workshop i regi av lag og organisasjonar og/eller kommunen som er ope for alle. 
(Som til dømes opendag /kom å test ut : sjakk kveldar, Syverkstad med Ung husflid, UKM workshop m.m) 

Ungdomsrådet  reviderer denne lista i februar/mars kvart år. Kom gjere med innspel.

Korleis kan ein nytte skyss midlane:  (LTU – Taxi) 
Ungdommane bestiller transporten sjølve, og tar kontakt med næraste taxisentral. 
Taxiordningane i Stad kommune kjenner til tilbodet og kva reglar som gjeld. 
Ein må opplyser ved bestilling  at de ynskjer å nytte dykk av LTU i Stad.
De må oppgje kor mange de er, og kva reisa skal nyttast til.
De må oppgje namn, alder, adresse og telefonnummer ved bestilling.

Eigenandel er 20 kr per veg (40 kr t/r)

!Sjekk først om det går buss ein eller begge veger. 
Går det buss i same tidsrom kan ein ikkje nytte dette tilbodet. 

!LTU midlane kan ikkje nyttast til faste treningstilbod eller andre fritidsaktivitetar ein deltek på i kvardagen. (som fotball/handballtrening, kulturskule osv) 

!Konsekvensar ved brot på hovudregel:
Om ordninga blir nytta til private arrangement, arrangement som ikkje er rusfrie og/eller ein har mistanke av passasjerar er påverka av alkohol eller andre rusmiddel vil dette bli meldt inn.
Personen /ane det gjeld vil då bli kontakta, føresette informert. 
Og ein kan miste retten til å nytte seg av skysstilbodet. 

Dette er i første omgang ei prøveordning ut 2024. Vil bli evaluert i slutten av året om ein skal/kan halde fram med denne organiseringa av ordninga. 

Kontaktinformasjon taxi/transportordningar med LTU avtale i Stad kommune: 
Selje taxi: 578 56 486
Stadlandet taxi: 95 95 6368
Eid taxi:  578 60 809

Skal du arrangere eit stort/større ungdoms arrangement kan ein søkje om LTU midlar her: SØKNADSSKJEMA
(Då kan ein og nytte andre transportordninga enn taxi sentralane. meir info i lenka over.)