LTU til større arrangement - søknadskjema

Ved store/større arrangement i regi av ungdommar sjølve og/eller kommunen,  lag og organisasjonar m.m , må arrangør søkje om bruk av LTU midlar via elektronisk skjema. 
Hovudregel ved bruk av LTU midlar: 
Kun til arrangement som er rusfrie og er open / inkluderande for alle i aldersgruppa. 
Dette tilbodet gjeld for ungdom som bur i Stad kommune i alder 13 - 19 år. Og til aktivitet/arrangement i Stad kommune.

Ein bør søkje i god tid før arrangementet. og seinast 2 veker før arrangement dato. 
SØKNADSSKJEMA 
Eigenandel er 20 kr per veg. Resterande beløp blir fakturert frå taxisentralen til LTU prosjektet/Stad kommune. 
Arrangør som får bruke LTU midlar har såleis ingen risiko eller utgifter ved skysstilbodet.

Med unntak av :
!Ved søknadar/prosjekt med stort omfamn der ein ynskjer å sette opp fleire ruter frå fleire stadar i kommunen, vil det bli vurdert å gi eit støttebeløp. 

Tilbodet gjeld arrangement som til dømes:
- elevkveldar 
-juleball, vårball og liknande
-ungdomskonsertar

Her gjeld same kriteria om at det må vere rusfrie arrangement i Stad kommune.
Og for ungdom i Stad kommune i alder 13-19 år

Arrangør/søkjar som har fått støtte/får bruke LTU, skal
- marknadsføre godt/ passe på at alle i målgruppa har fått informasjon om skyss tilbodet.
- den ansvarlege arrangøren er den som  organisera: marknadsføring, ta imot påmeldingar, og bestiller buss/transporten. 
-Ved bestilling av skyssen skal ein oppgi at det gjeld LTU, gi namn og tlf nr. til kontaktperson/ansvarleg arrangør, dato, stad og namn på arrangementet.
-  Ein må synleggjere i si marknadsføring at det blir brukt LTU midlar frå Stad kommune/Vestland Fylkeskommune.
- ein vaksen / ein av arrangørane skal følje med at ved ankomst og avreise. 
1.sjekk at alle som har meldt seg på i forkant av arrangement er komen. 
2. ved avreise sjekk at alle som er påmeldt returen er på plass og kjem seg med skyssen. 
Ved mistanke om at nokon er påverka av alkohol eller andre rusmiddel har ein meldeplikt til føresette.


Sakshandsamar i Stad kommune orienterar taxi/transport ordningane om kven som får ja på søknad og kven som då kjem til å kontakte dei. (den ansvarlege for arrangementet) 
Arrangør skal sjølv bestille transporten med firma som har persontranportløyve.  (taxi, minibuss, buss)  
Alle faktura som blir sendt frå transportordningane/ taxisentralane i Stad kommune til LTU prosjektet blir kontrollert av sakshandsamar for LTU ordninga i Stad kommune.
Rapport over bruken, samt ny søknad blir sendt åreleg til Vestland fylkeskommune.

Dette er i første omgang ei prøveordning ut 2024. Vil bli evaluert i slutten av året.