Har du eit gammalt hus, eit verneverdig bygg eller kulturminne du vil ta vare på?
Det finst fleire ordningar som kan gi deg støtte til å sette i stand kulturminne. Her får du oversikt over nokre av dei mest aktuelle tilskotsordningane:
Kulturminnefondet
Kulturminnefondet er ei tilskotsordning for deg som er privat eigar av verneverdige kulturminne. Frivillige lag kan òg søkje. Kulturminnefondet har også ei tilskotsordning for strakstiltak for sikring av bygg. Søknadsfristen er løpande, og søknaden blir sendt elektronisk via Kulturminnefondet sine nettsider.
Norsk Kulturarv – «Ta et tak»-aksjonen
«Ta et tak»-aksjonen rettar seg mot våningshus og driftsbygningar som har kulturhistorisk verdi. Dette kan vere verneverdig busetnad i tettstadar eller bustadhus knytt til landbruk, fiske, reindrift eller jakt. Les meir og søk her.
Vestland fylkeskommune – tilskot til kulturarv og kultur
Her finn du oversikt over alle tilskotsordningar Vestland fylkeskommune har for kulturarv. Dei ulike ordningane har forskjellige søknadsfristar gjennom året. Det er vedteke at fleire av ordningane skal verte slått saman, så utlysingane for 2026 kan verte annleis.
Riksantikvaren
Dersom du eig eit freda kulturminne eller freda bygning frå før 1537, kan du søkje Riksantikvaren om støtte til istandsetting og vedlikehald. Søknadsfrist er 1. november.
Legat, private stiftingar og fond
Det finst òg fleire legat, stiftingar og fond som gjev støtte til kulturminnetiltak:
Stiftelsen UNI
Sparebankstiftelsen DNB
Gjensidigestiftelsen
Spørsmål kan rettast til rådgivar for kulturarv, Henriette Hafsaas.