Kulturprisvinnarar 2022

I 2022 gjekk dei gjeve prisane til Malakoff Rockfestival og Agate Henden Hjelle.

Kulturprisen 2022 går til Malakoff Rockfestival 

Malakoff Rockfestval har gjennom hardt og målretta arbeid tatt posisjon som den største feiringa av ungdomskultur i vår region!

Festivalen vart starta som ei ungdomsbedrift i 2003 og arrangerte i år sin 20.de festival. Frå ein festival for 650 personar første året, har den utvikla seg til å bli ein sentral aktør innan sin sjanger på Vestlandet med 25 000 besøkande i 2022.

Malakoff er ein viktig del av oppveksten i Stad kommune og den viktigaste årlege hendinga i regionen for veldig mange, spesielt barn og unge.

Festivalen har rundt 1.000 frivillige som kvart år brettar opp ermane og bidreg med kompetanse og dugnadskraft for å arrangere ein festival som skal levere eit kvalitetsprodukt på alle nivå.

Malakoff har frå starten av i 2003 engasjert heile lokalsamfunnet, og bidreg til godt omdøme og stoltheit hjå innbyggjarane. Festivalen har avtalar med lag og organisasjonar i regionen, og legg til saman igjen 1.000.000 kr i klubbkassene deira. Dette vert igjen nytta til å drive viktige aktivitetar for barn og ungdom resten av året.  

Malakoff har og vakse til å bli ein heilårsaktør med eit sterkt samfunnsengasjement gjennom Gymmen Scene og Studio.

Hausten 2022 markerer og feirar Malakoff sine første 20 år i eit formidabelt samarbeidsprosjekt som set ungdomen i sentrum.

Gjennom satsinga «The soundtrack of your life – 20 år med Malakoff!» får over 70 ungdomar frå Stad og Nordfjord sjansen til å formidle Malakoff si unike historie frå scena i Operahuset gjennom musikk og skodespel.

For si langsiktige satsing og sitt bidrag til kulturlivet i Stad kommune, meiner juryen at  Malakoff Rockfestival er ein verdig mottakar av Stad kommune sin kulturpris for 2022.

  

Ungdomens kulturpris 2022 går til Agate Henden Hjelle 

Agate Henden Hjelle har i fleire år dreve med kunst. Dette har ho delt aktivt på Instagram i 2 år, i tillegg til at ho har stilt ut kunsten på UKM.

Ho har i hovudsak teikna portrettar og ulike versjonar av fjordhesten, men har også brukt kunsten til å lage design på mobildeksler og har laga kalender.

Agate legg ned mykje arbeid i det ho driv med, og imponerar stort med verka sine. Fjordhesten er eit viktig symbol for Nordfjord, og Agate bidreg til god reklame med sin kreativitet. Dette er også andre året ho lagar sin eigen kalender med fjordhesten, som har vore populær. Overskotet skal gå til forsking på sjukdomen ME. Dette er ein sjukdom ho har sjølv, og til tross for utfordringane ho har møtt har ho eit pågangsmot til å fortsetje med kunst.

Juryen meinar at Agate, som ein hardtarbeidande kunstnar med sin kreativitet, lidenskap og inspirasjon er ein verdig vinnar av Ungdommens kulturpris 2022 i Stad kommune.

Juryen for tildeling av kulturprisen i Stad kommune har bestått av:

  • Geir Årvik – utvalsleiar Kultur, idrett, samfunn og næring
  • Jorunn Elfrida Sandvik – medlem utval for Kultur, idrett, samfunn og næring
  • Kjell Magnar Flølo - medlem utval for Kultur, idrett, samfunn og næring
  • Geir Andreas Holtermann Holmen – kultursjef Stad kommune

Juryen for tildeling av ungdomens kulturpris i Stad kommune har bestått av:

  • Ingeborg Aam Hamre – medlem Stad ungdomsråd
  • Amalie Fure – leiar Stad ungdomsråd
  • Øyvind Ariansen - medlem Stad ungdomsråd

Prisvinnarane fekk ein diplom og ein pengesum på kr. 10 000,-.

Prisane vart delte ut på siste kommunestyremøtet før jul, 15. desember.