Fråvær skal meldast av føresette i Speedadmin-appen.
Last ned appen SpeedAdmin, vel Stad kulturskule, logg på med bank-id eller etterspør log-in informasjon om du ikkje har Bank ID.
Inne i appen:
Om du har fleire barn i kulturskulen, vel barnet det gjeld.
Trykk på "Timeplan" nede til venstre.
Trykk på den aktuelle timen i timeplanen.
Oppe til høgre kan ein trykke "Meld fråvær"
Her kan ein og skrive grunn for fråværet. Læraren vil få varsel om fråværet på e-post og i appen.
Føresette vil bli kontakta om eleven ikkje har møtt fram til undervisninga tre gongar på rad, eller har hatt mykje fråvær over ein periode. Dette gjeld også dersom eleven sjølv har gjeve beskjed om fråværet og eleven er under 18 år. Dersom ein undervisningstime blir avlyst av eleven eller føresette har eleven ikkje rett til å få timen igjen