Prisar

Kva kostar det å være elev ved Stad kulturskule?

Det er politikarane som til ei kvar tid fastset eigenandelen for eit undervisningstilbod. Prisane for 2024 er fastsette av kommunestyret 15. desember 2023. Faktura vert sendt ut kvart semester (to gongar per år).

Gjeldande satsar frå 1. januar 2024 er:

Elevplass uansett tilbod: kr 2.200,- pr. semester (halvår).

Unnataket er dans for barn under skulealder. Dette kostar kr. 1.650,-.

Moderasjon

Vi har éin rabatt per no og det er rabatt for fleire fag per elev.

20 % moderasjon for fag nr. 2.

Eleven kan ha fleire fag, men det er kun ein rabatt pr. elev.

Instrumentleige

Stad kulturskule har strykeinstrument, tverrfløyter og gitarar som kan leigast til kr 640,- per semester.

Blåseelevar får instrument frå korpsa.

Elles må ein ha eige instrument tilgjengeleg i heimen.

Avgifter

Instrumentalelevane betalar kr 180,- per semester i kopiavgift. Utgifter til lærehefter kan kome i tillegg. og kunstelevane betalar materialavgift på kr 380,- pr. semester.

Frådrag

Lærarane ved kulturskulen vil av ulike grunnar kunne ha fråvær frå undervisninga. Dersom læraren er vekke meir enn tre timar pr. semester utan at det vert sett inn vikar eller at eleven får utvida undervisning elles i skuleåret, får eleven frådrag i kontingenten. Eleven får ikkje frådrag for eige fråvær unnateke når permisjon er innvilga.

Kulturskulen held rekneskap over kor mange timar som eventuelt går vekk i løpet av skuleåret, og gir frådrag i kontingenten når der er grunnlag for det.