MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Viktig informasjon til lag og organisasjonar

Viktig informasjon til lag og organisasjonar

Klikk for stort bilete Stad kommune ynskjer å ha nær kontakt med alle lag og organisasjonar i kommunen. Vi ynskjer å informerer om nyhende, søknadsfristar for tilskot o.l. samt anna informasjon vi meiner ditt lag/organisasjon kan ha nytte av. For at vi skal kunne sende ut informasjon til ditt lag/organisasjon treng vi samtykke til dette jf. personvernreglane – GDPR.

Vi samlar inn opplysningar for å kunne tilby best mogleg sørvis til våre frivillige lag og organisasjonar.

 

Samtykkeskjema

 

Innsamling av personopplysningar/kontaktinformasjon
Vi har starta arbeidet med å samle inn kontaktinformasjon til alle frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune. Kontaktinformasjon er namn, telefonnummer og adresser (bu-, post- og e-postadresser). Personopplysning er ei kvar opplysning som kan knytast til deg som einskildperson, slik som blant anna namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse.

 

Vi behandlar personopplysningar til følgjande formål: 

  • Oppfølging og informasjon knytt til organisasjonen/laget
  • Kundeundersøkingar knytt til organisasjonen/laget
  • Offentlege høyringar
  • Informasjon publisert på www.stad.kommune.no. 

 

Vi samlar inn personopplysningane dine manuelt på følgjande måtar: 
• Direkte frå laget/organisasjonen gjennom samtykkeskjema.

 

Følgjene av ikkje å gje frivillige personopplysningar 
Om du ikkje ønsker å stå oppført i vårt register når vi ikkje aktivt ut med informasjon som kan være viktig for ditt lag/organisasjon.

 

E-postadresse
Stad kommune oppmodar lag og organisasjonar å ha ei eiga e-post adresse knytt direkte til laget/organisasjonen og ikkje nytte private e-postadresser. Dette vil gjere den enklare for dykk ved endringar av roller i laget/organisasjon. E-post adressa følgjer dermed laget/organisasjonen og ikkje enkeltpersonar. Det fins fleire gratis e-post løysingar der laget enkelt og raskt kan opprette ein egen konto.

 

Informasjon på heimesida til Stad kommune
Ei liste over lag og organisasjonar publisert på www.stad.kommune.no vil vise innbyggarane kva lag og organisasjonar vi har i Stad kommune og kven dei kan kontakte om ein ynskjer å bli medlem i ein eller fleire av desse. Sidan det ofte er utskiftingar av styret og kontaktinformasjon kan laget/organisasjonen sjølv nytte denne lista for å sjå om informasjon er oppdatert til ei kvar tid.

 

Endringar etter samtykke
Er det endringar i ditt lag/organisasjon, ber vi deg sende inn nytt skjema med ny informasjon. Lenka til skjemaet ligg på Stad kommune sine heimesider til ei kvar tid. Du kan når som helst be om å bli sletta frå dette kontaktinformasjons-registeret. Samtykke varer til du ber om sletting eller vi mottar melding om at ny person tar over rolla i organisasjonen/laget. 

 

 

Samtykkeskjema