Det er mogeleg å velje fleire kartlag frå NIBIO og frå andre nasjonale kartleverandørar samt heildekkande kart eller flyfoto i bakgrunnen for gjenkjenning.I tillegg til automatisk arealberekning for landbrukseigedomen har ein i tenesta høve til utskrift, tilgong på teikne-/måleverktøy, høve til å lagre teikning, laste ned teikning som fil, legge til fleire eigedomar og legge til geografiske filer og vise dei i kartet. Les meir i brukarrettleiinga.
Tenesta er tilrettelagt for landbruksforvaltninga og eigarar og brukarar av landbrukseigedomar, men er ope for alle.
Her kjem du til tenesta
Skriv inn kommunenummer 4649 eller kommunenamn Stad.
Deretter gardsnummer, bruksnummer og søk.
OBS: Dersom det er endringar i arealet på det enkelte bruk skal kommunen synfare og endre markslaget i AR5. Endring gjort av kommunen vert synleg i løysinga natta over. Det er spesielt viktig at areala er rette før ein søkjer produksjonstilskot i oktober. Kommunal frist for synfaring og retting er 25. august. Meld frå om arealendring i godt tid før denne datoen.
Skal du legge inn søknad der vi etterspør kart som vedlegg?
- Gå til tenesta
- Søk opp kommune og gnr/bnr, evt. Legg til fleire eigedomar
- Zoom inn til rett innmarksbeite
- Gå til Teikne/måle ikon øvst i bildet, velg flate:
Merk aktuelt areal ved å venstre-klikke med mus, dobbeltklikk for å avslutte flate - Trykk Lag pdf for utskrift / lagring (knapp nede til venstre i bildet):
Velg kartutsnitt og finn beste målestokk.
Dra den gule firkanten slik at den dekker aktuell innteikning
Velg Avansert gårdskart for val mellom ståande og liggande format - Trykk lagre fil for utskrift
Du får då en pdf som du lagrar på eigen pc - Last pdf av arealet/teigen opp i søknaden