Sakshandsaming skal opne for gjødsling der det er ønskjeleg, og skjerme mot gjødsling det det ikkje er ønska.
Bakgrunnen for dette er ny gjødselbruksforskrift som kom i februar 2025. Den har som føremål å sikre gode avlingar, ta vare på det biologiske mangfaldet og redusere forureininga frå jordbruksareal. All spreiing av husdyrgjødsel på beite må no vere godkjent av kommunen. Frå 2028 vil det også gjelde bruk av mineralgjødsel.
Kommunen får truleg ein stor jobb med denne endringa og vi vil prioritere søknadar på areal der det har vore gjødsla tidlegare som ikkje har godkjenning frå før.
Det fleire kriterie som må vere på plass før ei eventuell godkjenning kan gjevast:
- Arealet må kvalifisere som innmarksbeite
- Arealet må bli beita
- Arealet må ha tilgjenge for gjødsling, og ein må ha reell plan om å gjødsle arealet
- Arealet må kunne påvisast i terrenget
- Godkjent areal må innlemmast i gjødslingsplan
Søknadsskjema (ID-pålogging)
Viktig: Til søknaden krev vi to nødvendige vedlegg, vi anbefalar at du har desse klar før du startar å fylle ut skjemaet:
Nyttige lenker vidare
Sjå kva Statsforvaltaren skriv om saka
Gjødselkalkulator (last ned)
Lovdata: Forskrift om lagring og bruk av gjødsel
Har du spørsmål?
Kontaktpersonar på Landbrukskontoret:
Bernt Reed 97 99 10 52 Odd-Harald Heggen 57 88 58 71 / 90 03 71 53