Landbruks- og skogsvegar

Bygging og ombygging av landbruksvegar er søknadspliktig og krev godkjenning av kommunen før arbeidet vert sett i gang.

For at ein veg skal kunne kallast landbruksveg må meir enn 50 % av interessene vere jordbruk eller skogbruk.  Dvs. at vegar der hovudparten av interessene er knytt til f.eks. busetjing, hytter eller anna næringsverksemd ikkje er landbruksvegar.

Bygging av nye landbruksvegar og ombygging av eksisterande vegar er søknadspliktige tiltak som ikkje kan startast utan løyve frå kommunen. Unnteke er oppstillingsplass for landbruksmaskiner til bruk på eigedomen og enkle midlertidige driftsvegar på inntil 150 meter som medfører ubetydelege terrenginngrep. Søknadsskjema finn du her.

Ifølge landbruksvegforskrifta skal vegar byggast i samsvar med dei krava som er sett i «Normaler for landbruksveier – med byggebeskrivelse». 

Tilskot

Det kan gjevast tilskot til nybygging eller ombygging av skogsbilvegar når det kan danne grunnlag for å utnytte skog- og utmarksressursane. Søknadsskjema for å søkje om tilskot finn du her.

Prosjekt der fleire interessentar samarbeider vert prioritert.

Skogfond

Kostnader til nybygging og ombygging av skogs- og skogsbilvegar, inkludert velteplassar, kan dekkast av skogfond med skattefordel.

Skogfond kan brukast til å dekke utgifter skogeigar har til planlegging og bygging av nye skogsbilvegar. Det same gjeld for opprusting av eksisterande skogsbilvegar og velteplassar.

Vedlikehald av skogsbilvegar kan dekkast av skogsfond med inntil 4 kr/løypemeter. Høgare kostnader skal godkjennast av kommunen på førehand. 

Skogfond kan ikkje brukast til vedlikehald av traktorvegar eller reperasjon av vegar etter hogst.

Eksterne lenker

Skogsvei.no

Landbruksdirektoratet