Skogfond

Skogfond er ei ordning som skal sikre at skogeigarane har midlar til å finansiere investeringar på sin skogeigendom. Difor må skogeigar setje av 4-40 % av tømmerets bruttoverdi på skogfondkontoen ved hogst.

 

Kor mykje som bør setjast av avheng av kva investeringar og tiltak som skal utførast i skogen. Skogkurs har på deira heimeside ein skogfondkalkulator.

Skattefordelen ved skogfond 

Inntekter frå eit tømmersalg må du betale skatt av, men den delen som settjast inn på skogfondskontoen blir det ikkje inntektsskatt på. Inntektsskatt blir det først når pengane takas ut frå fondet og brukast. Men når du bruker fondet til investeringar i skogen din, er det berre 15 % som blir skattelagd. Resten, dvs. 85 %, er skattefritt.

Denne skattefordelen blir da som eit indirekte tilskot i form av redusert skatt. Den reduserte skatten svarer ofte til eit ordinært tilskot frå staten på 40-50 % av kostnaden, eller enda meir dersom du har høg skatteprosent. 

Dette kan skogfond nyttast til:

  • Planting og suppleringsplanting
  • Ungskogpleie
  • Stammekvisting
  • Grøfterensking og suppleringsgrøfting
  • Bygging, ombygging og opprusting, inkl. velteplassar
  • Vedlikehald av skogsbilvegar (ikkje traktorvegar)
  • Skogbruksplanlegging, med og utan miljøregistrering
  • Miljøtiltak
  • Kompetansehevande tiltak som gjeld skog (f.eks. motorsagskurs)
  • Forsikring mot stormskadar og brann på skog

Skogfond kan ikkje brukast til kjøp av teknisk utstyr så som plantebor, motorsag, vinsj og lignande. 

Meir informasjon

Sjå landbruksdirektoratet sin heimeside