Stad kommune er i gang med eit prosjekt knytt til formidling av UKL-områdene på Stadlandet.
Stadlandet UKL er eitt av 51 nasjonalt utvalde kulturlandskap i jordbruket. Formålet med UKL-ordninga er å ta vare på naturmangfald, kulturhistorie og jordbruksdrift gjennom tradisjonelle bruksmåtar og moderne bygdeliv. For å sikre god forvaltning av desse verdifulle områda er det oppretta ei tilskotsordning i samarbeid mellom landbruks- og matdepartementet og klima- og miljødepartementet. Ordninga blir administrert av kommunen.
I kommunestyremøtet 20.06.2024, vart det gjort følgande vedtak i saka:
KS - 24/099 Vedtak:
Formidlingsplan for Stadlandet utvalde kulturlandskap (UKL)2024 – 2027, vert vedteke slik den ligg føre.
Formidlingsplanen kan du lese her
Les meir om utvalde kulturlandskap i jordbruket her
Kulturlandskap er forma i samspel mellom menneske og natur gjennom generasjonar. Dette er sårbare økosystem, men også viktige kjelder til kunnskap, historie og biologisk mangfald. God formidling er viktig for å skape forståing for dei verdiane som ligg i dette landskapet, både for dei som bur her, dei som skal forvalte landskapet i framtida og dei som kjem hit på besøk.
Stad kommune har difor tatt initiativ til å lage ein formidlingsplan for UKL Stadlandet. Formidlings-planen gir oss eit godt grunnlag når vi skal fortelje om Stadlandet gjennom både skilting, brosjyrar, nettsider, guiding, utstillingar og anna. Det gir også eit godt grunnlag for besøksforvaltning slik at vi kan legge til rette for besøk på stader som toler det, og styre trafikken unna meir sårbare kultur- og naturverdiar. Målet med planen er ikkje mest mogleg besøk, men å gje gode opplevingar og auka kunnskap. Det har også vore eit mål å løfte fram omsynet til dei som bur her og som skal ta vare på landskapet for framtidige generasjonar, og stimulere til dialog og samarbeid mellom landbruks- og reiselivsinteresser i området.
Publisert 03.11.2023 14.33
Sist endra 12.08.2024 08.58