Etablerarprøve for serveringsstad Kven kan ta prøva? Den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad må ha bestått etablerarprøva, og ha fylt 18 år. Alle som ynskjer det kan ta prøva. Dagleg leiar/styrar av ein serveringsstad må ha dokumentert kunnskap om serveringslova. Kravet er oppfylt ved bestått etablererprøve, eller utdanning frå Norsk Hotellhøgskule: HKR 230 Ansvarleg vertskap (bestått eksamen etter januar-05). Kvar tek du prøva? Prøva tek du ved rådhuset eller administrasjonsbygget i Stad kommune. Rådhuset ligg i Nordfjordeid Sentrum og administrasjosbygget ligg i Selje sentrum. Kontakt oss på telefon 57 88 58 00 for å avtale tidspunkt. Gjennomføring av prøva Prøva er ei fleirvalsprøve på 90 minuttar. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål. Prøva må du ta på norsk. Det er ikkje høve til å ta med tolk eller bruke ordbok. Du kan ta med lovsamling. Ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med bilde). Det kostar 400 kroner å ta prøva. Du kan ta prøva på nytt heilt til du består. Det kostar 400 kroner kvar gong. Kva er pensum? Prøva er basert på det materiale som er gitt i læreboka" Læremateriell - etablererprøven for serveringsvirkesomhet" utarbeida for Nærings- og handelsdepartementet av Veiledningsinstituttet i Nord-Norge. Pensum kan kjøpes hos Verdiskaping i Nord-Norge Prøvebevis? Alle som består etablererprøva får eit prøvebevis. Det er viktig å ta vare på dette beviset då dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om serveringslova. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Aktuell lov Serveringslova Publisert 05.05.2020 09.58 Sist endra 05.05.2020 09.58