Informasjon om skjenkeløyveHar du fått innvilga skjenkeløyve i Selje og Eid gjeld desse òg frå 1. januar 2020 i Stad kommune. Våren 2020 startar vi arbeidet med ny rusmiddelpolitisk handlingsplan for Stad kommune. Informasjon om skjenkeløyve Når treng du skjenkeløyve? Alle som driv ein serveringsstad og ønsker å skjenke alkohol må søke om skjenkeløyve. Skjenkeløyve gjeld vanlegvis i fire år. Når du har serveringsløyve frå før og ønsker å skjenke alkohol, må du søke om skjenkeløyve. Når du skal starte ein serveringsstad med skjenking må du søke om skjenkeløyve før oppstart. Når du har overtatt ein eksisterande serveringsstad, må du søke om skjenkeløyve. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks tre månader medan du ventar på at din søknad vert behandla. Serveringsstader som har fått innvilga skjenkeløyve i tidlegare Selje og Eid kommune kan halde fram på same løyve inntil vidare. Slik søker du styrar og varastyrar må ha bestått kunnskapsprøve i alkohollova for å kunne søke om skjenkeløyve dagleg leiar må ha bestått etablerarprøva for å kunne søke om serveringsløyve styrar og varastyrar må vere over 20 år styrar og varastyrar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling det er krav om uklanderleg vandel Det kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden din. Søk difor i god tid før oppstart. Søknaden blir sendt til politiet og sosialtenesta for uttale, deretter blir søknaden behandla politisk i kommunen. Elektronisk søknadsskjema Vedlegg du må ha med i søknaden firmaattest for alle selskap som er involvert i drifta. Last ned firmaattesten frå altinn.no foretaksregisteret si rolleoversikt for fysiske personar som eig meir enn ein tredel av føretaket og for føretaket sin daglege leiar. Last ned rolleoversikta frå altinn.no skatteattest for driftsselskapet. Du kan bestille skatteattesten på altinn.no teikning av lokalet med avmerking for inne- og uteservering prøvebevis frå kunnskapsprøve om alkohollova som stadfestar at styrar og varastyrar har greidd prøva konseptutgreiing: opplysningar om kva slag skjenkestad det er, målgruppe, opningstider, eventuell underhaldning eller anna verksemd i tilknyting til skjenkestaden Det er gratis å søke om skjenkeløyve. Lover og forskrifter Alkohollova Alkoholforskrifta Serveringslova Publisert05.05.2020 09.38 Sist endra05.05.2020 09.38