Kort om selskapet sin historikk
Eid Industrihus KF vart stifta 13.12.2012, etter vedtak i kommunestyresak 107/12. Selskapet har vore 100% eigd av Eid kommune og har vore Eid kommune sitt organ for tilrettelegging, marknadsføring og sal av kommunalt næringsareal. Vidare har formålet vore å kjøpe og selje næringsareal, oppføre/kjøpe/leige næringsbygg og drive utleige/framleige av desse. Ved stiftinga overførte ein aktiviteten frå Eid Industrihus AS, i hovudsak grunna betre lånevilkår som kommunalt føretak.
I overgang til Stad kommune
I samband med samanslåinga av Eid og Selje til Stad kommune er det utarbeidd ein strategisk næringsplan for den nye kommunen. I oppfølginga av denne var det naturleg å sjå på Eid Industrihus KF sitt formål og rolle i den nye kommunen. Føretaket blir truleg vidareført i same organisasjonsform inn i nye Stad kommune. Når formål og roller i selskapet vert endeleg vedteke, vert informasjon og opplysningar i det nye selskapet oppdatert.
Organisasjonen i Eid Industrihus KF
• Selskapet har éin tilsett – dagleg leiar Svein Otto Melheim
• I tillegg til prosjekt og driftsoppgåver i Eid Industrihus, har dagleg leiar vore utleigd på ulike prosjekt i kommunane Eid, Selje og Gloppen
• Styret består av fem medlemmar, som alle er politisk valde representantar i Eid kommune
Formål og forretningsidé
Eid Industrihus skal vere eit verkemiddel for Stad kommune i utvikling og tilrettelegging av attraktive og formålstenlege næringsareal og -bygg i kommunen.