Starte ny bedrift

Tilbod om hjelp til å etablere ny bedrift eller vidareutvikle verksemda di

Stad kommune stiller med rådgjeving til deg som enten trenger hjelp til nyetablering eller utvikling av etablert verksemd. 

Ta kontakt med Arild Vonheim på e-post: arild.vonheim@stad.kommune.no eller mobil 904 09 929.

Stad kommune har ein strategisk samarbeidsavtale med Stad Vekst, med det føremål å legge til rette for nyetableringar og vekst i næringslivet gjennom eit aktivt, føreseieleg og strategisk samarbeid. Stad Vekst sitt føremål er å fremje næringsinteresser i Stad kommune. Stad Vekst

Nyttige lenker om bedriftsetablering

  • Altinn si nettside som inneheld nyttig informasjon om bedriftsetablering.                                    Starte og drive bedrift
  • Innovasjon Norge si nettside som inneheld informasjon om kompetanseheving, rådgivning, nettverksbygging og finansiering. Oppstart av bedrift
  • Driftig er ein informasjonskanal for gründerar, idèskaparar og entreprenørar i Vestland.       Starte bedrift?
  • Vestlandsfylke si nettside finn du mellom anna informasjon om bedriftsetablering, kompetanse for arbeidslivet og distriktsutvikling. Nærings- og samfunnsutvikling 
  • Inviro si nettside finn du informasjon om bedriftsetablering, næringshageprogrammet og vekst i lag. Tenester igjennom Inviro