Kjølsdalen bustadfelt ligg midt i Stad kommune, 20 minutt frå Nordfjordeid sentrum. Tomtene har gode solforhold med utsikt over fjorden og fjella.
Kjølsdalen krins er ei samling med 6 bygder på nordsida av den vakre Nordfjorden. Frå Lefdal i vest til Reksnes i aust. Med den største bygda Kjølsdalen midt i mellom. Til saman er det om lag 210 husstandar i bygdene, med totalt litt over 500 innbyggjarar. Kjølsdalen er tufta på godt samhald, rikt aktivitetsnivå og som ein trygg og vakker plass å vekse opp.
Det nye bustadfeltet har 10 tomter for sal
Informasjon om tomtene. (PDF, 228 kB)
Oversikt tomtepris
Oppvekst
Rett ved riksveg 15 som går langs heile fjorden, ligg Kjølsdalen Montessoriskule og –barnehage. Dette er ein friskule og privat barnehage som driv etter montessoripedagogikken. Skulen har vore i drift sidan 2013 då den starta med 31 elevar. No er barnehagen etablert i same bygg med 30 born, og skulen har vekse til 50. Skulen og barnehagen kan boltre seg i store uteområder, og med bruk av fjord, skog og fjell på alle kantar. Skulen driv heildagsskule, som gjev både borna og foreldra stor fleksibilitet i planlegginga av kvardagen sin. Skulen er ein 1.-10. skule med høg kompetanse i kollegiet.
Aktivitetstilbod
- Kjølsdalen Idrettslag har tilbod året rundt, utandørs og innandørs. Medlemskontingenten er låg, og då er aktivitetane gratis for borna. Tilbod om handball, fotball, fjelltrim og andre tilbod ut frå ønskje og behov.
- Trekløveret 4H er av dei største 4H-klubbane i fylket. Dei har etablert ein mykje brukt naturmøteplass øvst i dalen mot fjellrutene. Planlegging av naturmøteplass ved fjorden er i gang.
- Bygda eige lokallag for Miljøagentane
- Kulturskuletilbod i samarbeid mellom kulturskulen i kommuna, Kjølsdalen Montessoriskule og Vindfylla Spelemannslag.
- Vindfylla Spelemannslag driv med musikkopplæring innan tradisjonsmusikk både for barn og vaksne, og har om lag 40 medlemmar mellom 6 og 85 år.
- Kjølsdalen skulemusikk har faste øvingar tysdagar, samt gruppeøvingar for medlemmane i skuletida ved Kjølsdalen Montessoriskule. Dei arrangerer turar både innanlands og utanlands og er ein trygg sosial stad for ungdomen.
- Kjølsdalen Musikklag har rike tradisjonar i bygda, og arrangerer mange flotte og populære konsertar i løpet av året, både lokalt i bygda, men òg i konserthus rundt i distriktet elles.
- Kjølsdalen sanitetsforeining er aktive og drifter elles utleigeeininga «Kirsebærhagen» sentralt i Kjølsdalen.
- Kjølsdalen bygdekvinnelag held aktiviteter innan handarbeid, matservering og anna året rundt.
- Kjølsdalen Samfunnshus er i drift for både faste aktivitetar for lag og organisasjonar, samt for sosiale møteplassar for bygdefolket elles.
- Bygdekinoen har visningar i Kjølsdalen Samfunnshus ein gong i månaden, med ein film for barna og ein for unge og vaksne.
- Kjølsdalen kyrkjelyd er aktive med både gudstenester og mange flotte kulturtilbod elles i den flotte kyrkja i bygda.
- Kjølsdalen bedehus har aktivitetar for barn (Yngres og barnekor) og med møter og basarar for familie/vaksne.
- Kjølsdalen Krins Utviklingslag har eit aktivt styre, og arbeider for utvikling og samarbeid i bygdene. Tilrettelegging av bustadtomter, fokus på trafikktryggleik og elles utviklingsarbeid innan arbeidsmarknad og friluftstilbodet er sentrale arbeidsoppgåver.
Utanom det organiserte aktivitetstilbodet så er jo naturen den største boltreplassen. Fjella som omkransar bygdene og fjorden byr på endelause moglegheiter. I alle årstider. Det er både lette, middels og harde turløyper nesten kvar ein snur seg i bygdene. Mange er merkte, og nymerking er under planlegging. Turkartet over Kjølsdalen krins er fantastisk å ha uansett kor ein skal gå i naturen. Jakt, fiske og fangst er utbredt blant innbyggjarane og med interesse for dette så buset du det på rette staden om du kjem til Kjølsdalen.
Arbeid
Frå gamalt har folk i bygda Kjølsdalen og bygdene rundt vore vande til å sjå både utover og innover og ikkje minst over fjorden for samarbeid, arbeid og aktivitet. Med ny kommune på plass frå 1. januar 2020 så har bygda fått ein heilt sentral plassering i kommuna, og bur ein i Kjølsdalen er det naturlig å tenkje at ein bur midt i smørauget av ein stor arbeids- og aktivitetsmarknad. Jordbruk har alltid vore ein sentral næring i Kjølsdalen, og er det framleis. Elles har Nordfjord Vegservice slått seg opp på entreprenør-arbeid og tenesteyting innan veg og samferdsle. Barnehagen og skulen har både høgkompetanse-arbeidsplassar innan montessoripedagogikk, barnehagelærar og spesialpedagog og arbeid for barne- og ungdomsarbeidarar m.m. Elles er arbeidsmarknaden frå Nordfjordeid (21 km) i vest til Måløy (31 km) i aust og mot Selje (43 km) og Åheim (26 km) i nordvest ikkje langt unna.