Bygda
Stårheim er ei solfylt og vakker fruktbygd på nordsida av Eidsfjorden. Omkransa av fjell og fjord har bygda eit rikt aktivitetstilbod og er ein trygg stad å vekse opp.
På Stårheim har vi skule med SFO, barnehage med to avdelingar, vakker natur å boltre seg i, eit stort idrettslag og mange fritidstilbod for folk i alle aldrar.
Vi stårheimarar er glade i og stolte av bygda vår, og jobbar stadig for vekst og utvikling. Vi vil at fleire skal få oppleve denne flotte perla, som kan by på nydeleg natur både i fjell og ved fjorden.
Stårheim skule – ein trygg stad å lære
Stårheim skule har omlag 65 elevar, SFO-tilbod og eit splitter nytt leikeområde; Stårheimsparken. Etter skuletid er dette området er opent for alle som vil bruke det. Her kan foreldre setje seg ned med ein kopp kaffi medan ungane leikar. Skulen har også gymsal som blir brukt til treningar kvar kveld heile veka.
Stårheim barnehage – gode dagar
Barnehagen har 36 plassar fordelt på 2 avdelingar; Knerten og Humlebolet. Barnehagen har eit stort uteområde å boltre seg på og er flinke til å bruke resten av bygda på oppdagingsferd.
Fritidstilbod
Stårheim IL har eit rikt aktivitetstilbod og låg medlemskontingent. Her kan du vere med på blant anna friidrett, fotball, handball, fjelltrim, skiskyting og idrettsskule. Det meste av barneidretten er gratis dersom ein er medlem i idrettslaget.
Vi har barnekor for dei minste og Stårheim songlag for dei vaksne.
Freidig 4H er ein aktiv 4h-klubb og har nyleg laga naturmøteplass ved fjorden. Der kan du bade, fiske, padle i kano og kajakk.
Vi har også eit aktivt skulekorps som gir oss fin musikk ved ulike arrangement og tilbyr aspirantopplæring i skuletida.
Bygda har mange fjærer med fine stader å bade og fiske. I Ålund har 4H naturmøteplass med gapahuk som er tilgjengeleg for alle.
Vi har kyrkje, bedehus og lagshuset Fram. Her blir det arrangert ulike arrangement og skulen har elevbedrift som held kafé her fleire gongar i året.
3 minutt frå sentrum ligg Eventyrstallen. Her kan borna delta på riding, stallklubb, ungdomsklubb og diverse arrangement i løpet av året. Her kan ein få møte mange ulike dyr og delta på open gard om sommaren.
Stårheim er omkransa av fjell og har mange flotte turstiar til både setrer og fjelltoppar. Dei fleste turane er godt merka og resten vil bli merka i løpet av året. Idrettslaget arrangerer fjelltrim, der du kan vere med i trekning av premie dersom du går mange nok turar. Dei har ei eiga facebookgruppe (Fjelltrimmen Stårheim) med info om alle turane. Ved Løysingvasshytta, på veg mot Blåfjellet, har bygda si eiga hytte ein kan nytte seg av.
Stårheim bensinstasjon (YX) har alt du skulle trenge ein søndag kveld, eit rikt utvalg i hurtigmat og fjordens beste softis.
Vil du vite meir om bygda?
Bli gjerne medlem av Stårheimsbygda på Facebook.
Informasjon om bygda Stårheim
Stårheimsbygda
Avstandar
Stårheim er meir sentralt enn du kanskje trur. Bygda ligg midt i Nordfjord og på rundt 12 minutt kjem du deg til Nordfjordeid. Det tar om lag 15 minutt å køyre til Harpefossen skisenter og 45 min til Norges finaste sandstrand; Refviksanden.
Nordfjordeid: 15 minutt Ferje Stårheim – Isane til:
Volda: 60 minutt Kalvåg: 2 timar
Stryn: 50 minutt Grotle: 2 timar
Sandane: 45 minutt Rugsund: 45 minutt
Måløy: 35 minutt Berle: 60 minutt
Selje: 45 minutt Florø: 2 timar
Velkomen til Stårheim!