GrensejusteringFor å gjere grensene mellom eigedomar meir tenlege, kan du søkje om grensejustering. Ved ei grensejustering kan ein utføre små justeringar av eigedomsgrensa. Kven kan søkje?Det er eigar av eigedomane som kan søkje om grensejustering. Dersom du signerer søknaden på vegne av eigar, må du legge ved fullmakt frå grunneigar. Fullmakta må vere i original eller stadfesta rett kopi. Vilkår for grensejustering Arealet på involverte eigedomar kan aukast eller reduserast med inntil 5 prosent av den minste eigedomen sitt opphavlege areal (maksimalt 500 kvadratmeter). Ein eigedom kan ikkje gje bort areal som i sum overstig 20 prosent av eigedomen sitt areal før justeringa. Grensejustering skal ikkje redusere eller auke verdien på nokon av dei involverte eigedomane med meir enn folketrygda sitt grunnbeløp. Dersom arealet du ynskjer å overføre er større enn grensene nemnt ovanfor, må du søke om arealoverføring. Kva kostar det? Grensejustering ArealGebyr0 - 70 m212 800frå 71 - 500 m219200 Slik søkjer duFyll ut og send inn søknadsskjemaSend søknad Send til post@stad.kommune.no eller Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.Hugs at alle eigarar av involverte eigedomar må signere søknadenLegg ved kart som viser kva areal som skal grensejusterast og forslag til nye eigedomsgrenserKva skjer vidare?Dersom vilkåra for grensejustering er oppfylt, sender vi ut skriftleg varsel om oppmålingsforretning seinast 14 dagar før oppmøte i marka. På oppmålingsforretninga vert eksisterande grenser avklart og nye grenseliner påvist og merka. Etter oppmålingsforretninga vert dei nye eigedomsgrensene ført i matrikkelen og du får tilsendt matrikkelbrev for eigedomen.Gjeldande lovverkMatrikkellovaMatrikkelforskriftaPlan- og bygningslovaJordlova Publisert 30.10.2019 14.10 Sist endra 09.04.2026 13.26