Påvise / klarlegge eigedomsgrense

Dersom grensemerka for eigedomen din er borte og du ynskjer å få sett ned nye, eller du er usikker på kvar grensene for eigedomen din går, kan du søke om grensepåvising. Grensepåvising er ei klarlegging av eksisterande grenser for eigedomen. Eigedomsgrensene kan vere tidlegare koordinatfesta (ved målebrev/ matrikkelbrev), eller skildra i skylddelingsforretning eller jordskiftesak.

Slik søkjer du

Fyll ut skjema her

  • Fyll ut skjema for påvising av eigedomsgrense
  • Legg ved eit kart som viser kva grensepunkt du ynskjer påvist/klarlagt

Kva skjer vidare?

Etter at kommunen har motteke søknaden, kallar vi inn til oppmålingsforretning med møte i marka. Alle involverte partar får skriftleg varsel seinast 14 dagar før oppmålingsforretninga. På oppmålingsforretninga vert grensene klarlagt, innmålt og eventuelt merka av.

Dersom det er usemje om fastsetting av grensa, kan kommunen ikkje ta stilling til kvar grensa går. I slike høve kan partane ta kontakt med jordskifteretten (telefon: 57 99 13 50), som kan fastsetje kvar grensa går.

Gjeldande lovverk

Matrikkellova

Matrikkelforskrifta

Kontakt

Odd Harald Heggen
Fagleiar kart og oppmåling
E-post
Telefon 57 88 58 71
Mobil 90 03 71 53