Prosjektet skal ha fokus på behovet for attraktive, trygge, inkluderande og tilgjengelege møteplassar og arrangement for innbyggjarane i kommunen.
Stad2020-prosjektet «Eit meiningsfullt og aktivt liv» hadde fokus på ungdommar i Eid og Selje kommune, der ein gjennomførte ei kvantitativ undersøking. Denne undersøkinga gjev eit godt bilete av korleis ungdom i Nye Stad kommune:
- Oppgjev sitt aktivitetsnivå både fysisk og sosialt
- Kor nøgde dei er med kvaliteten på tilboda i kommunen
- Kva ynskjer og prioriteringar dei har for tenestene framover
- Kor god livskvalitet ungdomen oppgjev at dei har.
Undersøkinga fungerte godt, og ein har gjort statistiske undersøkingar for å kontrollere dataen. Vi kan no supplere dette med ferske resultat frå undersøkinga Ungdata.
Av hovedfunn vil vi trekkje fram:
- Det er eit gjennomgåande funn at dei som er meir aktive har høgare livskvalitet
I MAL-prosjektet skal vi arbeide vidare med dette temaet. I tillegg skal vi også fokusere på dei eldre innbyggjarane - korleis kan vi skape ny møteplassar og aktivitet?
Saman med ulike aktørar i samfunnet skal vi utvikle prosjektet. Måten vi skal jobbe på vil følgje prinsippet «samskaping». Kva prosjektet skal innehalde, og kva aktivitetar som skal gjennomførast, blir bestemt saman med alle dei som har lyst til å bidra inn i prosjektet.
I midten av mai var det ei samling der det blei kartlagt noko av det vi treng for å ha eit meiningsfullt og aktivt liv. Med utgangspunkt i dette, og resultata frå forprosjektet, skal vi i neste omgang utvikle idèar for hovudfokus i prosjektet.
Framover skal vi møtast regelmessig for å spisse prosjektet, arbeide med problemstillinga, planlegge aktiviteter, kartlegge aktørar og mykje meir.
Blei du nysgjerrig på prosjektet? Bli med!
Alle som har lyst til å bidra inn i prosjektet eller berre har lyst til å bli kjent med oss, er velkommen til neste møte.
Send ein e-post til arild.vonheim@stad.kommune.no eller ring: 904 099 29