Velkomen hit - velkomen heim!Er du ny i kommunen vår eller planlegg å flytte hit? - Du er uansett hjarteleg velkomen! Stad kommune vart skipa 1. januar 2020 ved samanslåing av Eid, Selje og deler av Vågsøy kommune i Nordfjord. Stad har ca 9.500 innbyggjarar, med Nordfjordeid som kommunesenter. På Nordfjordeid finn du alt du treng av handels- og servicetilbod, sjukehus, vidaregåande skule, offentlege kontor, opera-/kulturhus, legevakt, idrettshallar og det meste anna du treng for å leve eit godt liv i Stad kommune. Elles finn du gode stader å bu, barnehagar, skular, handelstilbod, spennande bedrifter og eit rikt lag- og organisasjonsliv rundt om i heile kommunen. Og du finn ein spektakulær natur som er fritt tilgjengeleg både sommar og vinter. Kvar elles i verda kan du surfe i bølgjene og køyre ski i puddersnø på same stad? Det kan du i Stad og Nordfjord! Vi har samla eit knippe med gode opplevingar, tilbod og tenester til deg. Vi håper du finn noko som kan passe - og at du vil finne deg til rette og trivast i Stad.Skulle du ha noko på hjartet er du velkomen til å ta kontakt for ein prat. Ikkje ver redd for å ta kontakt med meg som ordførar direkte pr e-post, sms eller Messenger – vi skal prøve å hjelpe deg vidare så godt vi kan!Ein første velkomen rundt i vår Hjartestad!Beste helsing Sigurd ReksnesOrdførar i Stad kommune Besøk oss LIVE!Webkamera - utsikt over hamn/fjordSeljeSelje, Risnakken Live - YouTubeNordfjordeidNæringskaia ved Godsterminalen:Port of Nordfjordeid - YouTubeVekslarhuset ved Sagastad:Port of Nordfjordeid - YouTubeMagasin StadMag 2022StadMag 2020StadMag 2018Ung i Stad 2021BuStad 2022 (kommunale tomter og bygder å bu i)Bygge og bu i StadLedige bustadtomter i Stad kommune Bustadar for salBustadar for leigeKulturliv og ting du kan gjere på fritidahjartestad.noOperahuset NordfjordKinoEid symjehallSagastadSelja klosterSelje prestegard (Regionalt pilegrimssenter Selje)Norsk fjordhestsenter Reise og oppleving i NordfjordUT på tur i Stad - finn turforslag, hytter og ruterBarmenBarnehagar, skule og utdanningAlt om barnehagar i StadAlt om skule og opplæring i StadVaksenopplæring StadEid vidaregåande skuleFjordane folkehøgskuleInviro - Nordfjord virtuelle campusNæring og arbeidLedige stillingar i Stad kommune (organisasjonen)Ledige stillingar i Stad kommuneNordfjordakademietStad VekstFramtidsfylketØnsker du å bidra i vårt lokalmiljø?Frivilligsentralane i Stad - Selje Frivilligsentral Eid FrivilligsentralForeningsportalen i StadRaude krosStad på kartetStad kommune si kartløysingWikipedia om StadFacebooksiderHjelle - Infoside om ting som skjer i bygdaHaugen - Haugen IdrettslagStårheim - Infoside om ting som skjer i bygdaKjølsdalen - Infoside om ting som skjer i bygdaBryggja - Infoside om ting som skjer i bygdaFlatraket - Infoside om ting som skjer i bygdaStadlandet - Infoside om ting som skjer i bygdaNordfjordeid sentrum Selje - Infoside om ting som skjer i bygdaBarmen - infoside om bygdaBli betre kjend med Stad Kva er det eigentleg med...Sommar på StadlandetFinalist i årets frivilligkommune 2019 (Eid kommune) Publisert 27.11.2019 19.38 Sist endra 21.05.2024 10.30