Helsesenter i Selje

Stad kommune er igang å byggje nytt og tidsriktig helsesenter i Selje. Bygget skal innehalde lokale for legekontor
og helsestasjon.

Stad kommunestyre vedtok endeleg finansiering av bygget i mai 2022.

Omfang og igangsetting

Prosjektet omfattar nybygg av legekontor og helsestasjon, og omfattar mellom anna kontor, laboratorium, venterom, akuttrom, møterom, garderobar og pauserom.

Hovudentreprenør er Veidekke entreprenør. Dei har med seg fleire lokale og regionale underleverandørar.

Bygginga tok til i veke 32/august, og om alt går etter plan skal prosjektet vere ferdigstilt og bygget vere klart våren 2023.

Innbyggarane i kringliggjande område vil i byggeperioden måtte pårekne noko støy frå anleggsarbeidet. Vi håper dette ikkje vil vere til stort bryderi for dei av dykk som er næraste naboar. 

Har du spørsmål eller ønsker meir informasjon om prosjektet, ta gjerne kontakt med oss!

Torfinn Myklebust, prosjektleiar Stad kommune
torfinn.myklebust@stad.kommune.no, tlf. 481 49 494

Barbro Longva, kommunalsjef Helse og omsorg
barbro.longva@stad.kommune.no, tlf. 928 55 900

Artikkelliste