Statens hus i Stad

Stad kommune vart i juni 2020 vald ut av Regjeringa som éin av fire pilotkommunar for Pilot Statens hus. Regjeringa ville då, som del av fornyinga av norsk distriktspolitikk, prøve ut ein ny modell for "Statens Hus i distrikts-Noreg.

Forprosjektet i Stad vart gjennomført i perioden oktober 2020- mai 2021. Forprosjektet resulterte i ein sluttrapport som er godkjent av Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD), og som saman med KDD sine føringar utgjer dei overordna rammene for piloten i Stad.

Piloten Statens hus i Stad er inne i hovudprosjektperioden, med følgjande deltakande aktørar:

  • Nav
  • Skatteetaten
  • Politiet
  • Stad kommune
  • Vestland fylkeskommune
  • Statsforvaltaren i Vestland

Statens hus

Regjeringa Solberg starta i 2020 pilotprosjekt Statens hus i fire kommunar: Stad, Orkland, Narvik og Lyngdal kommune. Pilotprosjektet har en varigheit på fire år og er nå halvvegs. Midtvegsrapporten er no tilgjengeleg på regjeringa si heimeside. Sjå rapporten:

Midtvegsrapporten

Formålet med pilotprosjektet 

 Nasjonalt er følgjande samfunnsmål sett for pilotarbeidet:

  • Eit styrka og fagleg samla offentleg kompetansemiljø i regionane
  • Det skal bli enklare å behalde og rekruttere kompetanse i dei statlege etatane på mindre stedar
  • Fleire statsetatar enn i dag kan rekruttere og tilsette folk desentralisert
  • Et styrka samarbeid i kompetanseklyngjer
  • Ny kunnskap som har gitt grunnlag for vidare utvikling av lokaliseringspolitikk for mindre stadar

For å oppnå desse måla, testar dei fire pilotkommunane ut ulike tiltak og grep for tettare samarbeid mellom små og mellomstore avdelingar av statlege etatar. Eit slikt forsterka samarbeid kan med anna dreie seg om rekruttering, nytting av tverrsektoriell kompetanse, samt felles og tettare samhandling med kommunar, fylkeskommunar og næringsliv. Handlingsrommet pilotane har fått til uttesting, inneberer også at pilotane har valt ulike innfallsvinklar til arbeidet. Pilotane har fått friheit til å forfølge lokale utfordringar og ambisjonar.

Artikkelliste

Kontakt

Kristine Dahl
Kommunedirektør
E-post