Samlokalisering

Samlokalisering av Skatteetaten, Nav, Politiet på Nordfjordeid, er eit prioritert satsingsområde for piloten Statens hus i Stad. 

Aktørane gjekk våren 2022 saman om eit marknadssøk for leige av nye lokalar i eit felles og nytt "Statens hus", med tilhøyrande dialogkonferanse og synfaring. Hausten 2022 vart det gjennomført ei prekvalifisering av aktørane.

4. januar 2023 avgjorde Stad formannskap at også Stad kommune går inn som leigetakar i det felles bygget, med det føremål å etablere ein "Distriktshub" for leige av fleksible kontorarbeidsplassar til andre offentlege aktørar. 

Tilbodsbrev og konkurransegrunnlag for samlokaliseringa er sendt ut til dei prekvalifiserte tilbydarane.

Statsbygg koordinerer konkurransen på vegne av dei statlege aktørane og Stad kommune.

 

Prosjektgruppe

Arbeidet med samlokalisering blir koordinert av Stad kommune ved Hans Thomas Solheim og Statsbygg. Prosjektgruppa er sett saman slik:

  • Skatteetaten ved Johannes Snilstveit, seksjonssjef administrative tenester/eigedom
  • Politiets Fellestenester ved Heidi Rønneberg Senstad, prosjektleiar Eigedomsutvikling
  • NAV ved Øyvind Wold, seniorrådgjevar Eigedom
  • Statsbygg ved Kjell Tore Våle, Prosjektleiar Avdeling for rådgjeving

Statbygg har ansvar for å koordinere arbeidet med konkurransegrunnlag, forhandlingar og kontraktssignering.

 

Distriktshub

I samband med forprosjektet vart det etablert ei lokal ressursgruppe, som gav innspel til det vidare arbeidet i piloten og arbeidet med samlokalisering. På side 52 i forstudie-rapporten står det følgjande:

Den lokale arbeidsgruppa anbefaler at ein gjennom samlokaliseringsprosjektet også ser på moglegheitene for å etablere «Statens Hus» i Stad som ein node for ein fleksibel arbeidsstad og arbeidsdag for statlege tilsette i heile landet. Dette som ein respons på behovet for ein nyskapande distriktspolitikk:

  • Sjå på moglegheitene/forsøk for å etablere nye statlege arbeidsplassar i «Statens Hus» i Stad som kan skape synergiar med eksisterande statlege miljø og arbeidsmarknaden elles
  • Styrke statlege kompetansemiljø nasjonalt gjennom å gje dei ei meir sentral rolle i arbeidsmarknaden desentralt og utnytte kommunikasjonsteknologien for å vere til stades over heile landet
  • Vurdere moglegheitene for ein regional «Ta med jobben heimordning» der tilsette i statlege arbeidsplassar i ei digital verd får høve til å søke om å ta med jobben heim til Nordfjord
  • Tilby ambulerande kontor for statleg og fylkeskommunal verksemd frå Statens hus med moglegheit for kontorstad permanent etter å ha «prøvebudd» i Nordfjord

I det vidare arbeidet med samlokalisering vart det avklart at staten ikkje kunne ta ansvar for å planlegge for eit utvida, fleksibelt kontorareal i nytt Statens hus på Nordfjordeid, utover det dei deltakande etatane sjølve treng for si drift.

Stad kommune ved formannskapet løfta av den grunn opp saka som eig eiga politisk sak, og gjorde den 4. januar 2023 følgjande vedtak:

1. Stad kommune ser på Pilot Statens Hus og delprosjekt samlokalisering som eit viktig og framtidsretta distriktspolitisk tiltak ein forventar at både stat og fylke støttar opp

2. For å få full effekt av samlokaliseringsprosjektet, ser Stad kommune det som viktig at det også vert lagt til rette for framtidige fleksible og faste offentlege arbeidsplassar utover det NAV, Skatteetaten og Politiet per i dag har planlagt for. Stad kommune ber difor om at det også vert lyst ut areal for ein såkalla Distriktshub. Stad kommune tek per i dag på seg prosjektansvaret for dette tiltaket, men vil arbeide for statleg og fylkeskommunal medfinansiering

3. Det skal leggast fram eiga sak om drift- og finansieringsplan til politisk handsaming i løpet av 2024

Artikkelliste