Barnehagen ligg midt i bygda, med gangavstand til skule, skulebibliotek, flyktningbustad, butikk, industri, gard, fotballbane og ein nydeleg natur med skog og fjøre som vi lettvint kan benytte oss av. Barnehagen har og ein liten grønsakshage.
Verdigrunnlaget til Flatraket barnehage
Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.
Dette målet skal formidlast, praktiserast og opplevast i det daglege arbeidet i barnehagen vår. Det er viktig for barnehagen å sjå heile barnet, både som enkeltbarn og som deltakar i gruppe. Barnehagen vår bidreg til ein god barndom, som er prega av trivsel, venskap og leik. Barn vert førebudde til aktiv deltaking i samfunnet, der respekt for ulikskap og positive haldningar til å leve saman i fellesskap står sentralt. Vi ser til at barn lærer å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen.
Facebookside for Flatraket barnehage