Barnehageplassar vert tildelt i samsvar med lov om barnehagar m/ føreskrifter.
Tal kommunale barnehagar kan verte redusert, og det er difor viktig at alle søkjer om barnehageplass med minst to alternativ.
Vedtektene for dei kommunale barnehagane i Stad kan verte reviderte. Reviderte vedtekter vert gjort gjeldande for alle etter at dei er politisk godkjende - også for dei som tidlegare har fått fast plass.
Slik søker du om barnehageplass
- Du søker på same plass for alle barnehagane i Stad kommune, også private
- Du brukar same system for å søke, endre opphaldstid, bytte barnehage eller seie opp barnehageplassen
- Dersom du har vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar sender du dei per post til: Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
Søk barnehageplass
Ta kontakt med fagavdelinga for barnehage om du har spørsmål eller treng hjelp til å søke.
Her finn du oversikt over alle kommunale barnehagane i Stad kommune.
Søknadsfrist
- 1. mars er søknadsfristen til hovudopptaket.
Søker du plass utanom hovudopptaket kan du søke heile året. Du står då på søkarlista til du får tilbod om barnehageplass, eller sjølv slettar søknaden.
Når har barnet rett til barnehageplass?
- Barnet må vere fylt eitt år innan utgangen av november 2025.
- Du må ha søkt om barnehageplass innan 1. mars 2025
Dersom barnet ditt får plass, må de vere busette i kommunen når barnet startar i barnehagen.
Kva skjer om du ikkje har fått plass i dei barnehagane du har valt?
Du vil få tilbod om plass i ein annan barnehage dersom barnet har rett på plass. Du har då to val:
- Du kan takke ja til plassen og samtidig stå på venteliste til ein annan barnehage.
- Du kan takke nei til plassen og stå på venteliste til ditt første val av barnehage.
Korleis byte barnehageplass/ endre barnehagetilbod
Du kan søkje om å byte til ein annan barnehage. Frist for å søkje om endring av barnehageplass er 1. mars. Søkjer du om å byte etter søknadsfristen vil barnet ditt få plass i ny barnehage når det blir ledig. For å byte plass (til annan barnehage) må du søkje på nytt. Ved overgang til ny barnehage blir tidlegare barnehageplass automatisk sagt opp.
For å søkje om endring (auke/reduksjon) av barnehageplassen, loggar du inn på foreldreportalen i Vigilo og søkjer om endring.
Korleis seie opp barnehageplassen
Det er 1 månad oppseiingstid frå den 1. i månaden. For å seie opp barnehageplassen loggar du inn på foreldreportalen i Vigilo og seie opp plassen der.
Retningsliner for opptak
Les meir om opptak her (PDF, 232 kB)