Kvalitet i barnehagane

Barnehagane i Stad skal vere ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og vennskap, meiningsfulle opplevingar og aktivitetar.

Rammeplan

I følgje rammeplanen skal barnehagen ha ei heilskapleg tilnærming til barna si utvikling. Barn sitt behov for omsorg og leik skal ivaretakast. Barnehagen skal fremje:

  • Danning
  • Læring
  • Vennskap og fellesskap
  • Kommunikasjon og språk

 

Barnehagen har sju fagområde, som speglar område som har interesse og eigenverdi for barn i barnehagealder. Fagområda skal bidra til å fremme trivsel, allsidig utvikling og helse. Barnehagen skal sjå fagområda i samanheng, og alle fagområda skal vere ein gjennomgåande del av barnehagen sitt innhald.

Her er vedtekter for Stad kommune gjeldane  frå 15. august 2020. (PDF, 337 kB)

Handlingsplan for eit godt barnehagemiljø (DOCX, 65 kB)

Plan for overgang frå barnehage til skule (PDF, 594 kB)

 

Barnehagemynde

Barnehagemynde i Stad kommune er leiar av stabseininga strategi og samordning. Barnehagemynde rettleiar og ser til at alle barnehagane i Stad kommune driv i samsvar med gjeldande regelverk (jfr. barnehageloven § 10).

Loven pålegg barnehagemynde å føre tilsyn med barnehagene i kommunen (jfr. barnehageloven §  53 om kommunens tilsyn med barnehagene), og barnehagemyndet kan pålegge barnehagane å rette uforsvarlege eller ulovlege forhold.

Barnehagane sitt samfunnsmandat er regulert gjennom Lov om barnehager (barnehageloven) med forskrifter.  Forskrift om Rammeplan for barnehagen har utfyllande bestemmelsar om oppgåver og innhald i barnehagen. 

 

Klage

Du bør som hovudregel ta opp bekymring eller klage med pedagogisk leiar og/ eller styrar, før du eventuelt kontaktar barnehagemyndet. Å løyse ei sak på lavast mogeleg nivå er hensiktsmessig for alle involverte partar. 

Du kan også ta opp generelle problemstillingar i barnehagen sitt samarbeidsutval (SU). 

Dersom dette ikkje løyser problemstillinga, kan du kontakte barnehagemynde. 

Kontakt

Kristin Otneim Aarsnes
Stabsleiar strategi og samordning
E-post
Harald Sivertsen
Kommunalsjef oppvekst og opplæring
E-post