Skulehelsetenesta ved EUS

Skulehelsetenesta ved EUS

Helsesjukepleiar er tilstades på EUS

Skulehelsetenesta skal bidra til å førebygge sjukdom og skade, fremje god psykisk og fysisk helse og fremje gode sosiale og miljømessige forhold hos elevane. Det kan vere gjennom individuell kontakt, i grupper, i klassesamanheng eller ved anna felles opplegg ved skulen. Helsesjukepleiar kan henvise vidare ved behov eks. kontakt med skulelegen og psykisk helsearbeider.

Helsesjukepleiar, psykisk helsearbeider og skulelege har teieplikt.

Her kan du lese meir om skulehelsetenesta i Stad.

HFU (Helsestasjon for ungdom)

Dette tilbodet er eit supplement til skulehelsetenesta.

  • Her kan ungdom i alderen 13 til 20 år kome for å få hjelp med små og store spørsmål om helse og trivsel.
  • HFU er eit gratis «drop in» tilbod
  • Kan få timeavtale dersom du tar kontakt
  • Fagpersonar: Skulelege, helsesjukepleiar og psykisk helsearbeider.

Her kan du lese meir om helsestasjonen for ungdom i Stad.