Om Selje skule

Selje skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule. Skulen vart bygd i åra 1968-1971. Dei første romma tekne i bruk i 1970.

Selje skule er fulldelt - med ein klasse på kvart av trinna 1 - 10. Selje skule ligg vakkert til i sentrum av Selje, omkransa av kunstgrasbane, akebakke og aktivitetsområde, klatrepark, kunstgrasbane med ballbinge, barnehage.
Skulen vart ombygd i 2011/2012, og då fekk vi endeleg plass til alle klassene att etter at vi måtte flytte frå Hove skule.
Fram til skulestart hausten 2006 nytta Selje skule nemleg også Hove gamleskule på oppsida av vegen til to-tre klassar. Etter haustferien 2006 vart også SFO flytta til Selje skule - til 1.klasse-lokala.

Anlegget ligg i fin gangavstand til fjell og fjøre, og desse områda blir svært mykje nytta i skuletida.
Selje skule er mykje nytta på ettermiddags- og kveldstid til song- og musikkøvingar, treningar fotball-allidrett-trim, møteverksemd, basarar, festar og konsertar.