SFO

SFO på Selje skule held til på sørfløyen/6-årsbasen der ein disponerer 1.klasse sitt klasserom, leikerom og garderobe. Eit godt uteareal med leikeplass, ballbinge og leikeapparat ligg nær inntil basen.

Skulefritidsordninga er for born frå 1.- 4.kl., og ein må søkje om plass. Det er høve til å velge kva dagar ein har behov for skulefritidsplass. Antal dagar i veka er også valfritt – frå 1 dag til full tid, men ein fastset i starten av skuleåret kva dagar barnet skal gå.

Satsane er dei som til einkvar tid er fastsett av Stad kommune frå 01.08.2022.

Rektor Ellen Rundereim er pedagogisk leiar på SFO. Bodil Berge, Marita Wold, Silje Kvamme og Lisbeth Bergo har det daglege ansvaret på SFO.

Her kan du lese meir om skulefritidsordninga i Stad kommune - korleis du søkjer plass, prisar m.m.