Om Stadlandet skule

Stadlandet skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule som ligg midt i bygda Leikanger.
Skulen har ein klasse på kvart av trinna 1 – 10 og SFO for 1.-4. klasse.
Leikvang barnehage ligg eit steinkast unna skulen.
Rundt skulen ligg aktivitets/treningsløype, kunstgrasbane og ballbinge. Skulen ligg vakkert til med kort veg til fjell og fjøre, og desse områda blir svært mykje nytta i skuletida.
På hamna har elevane symjeundervisning.
I nærleiken av hamna ligg det ei sandvolleybane, tennisbane, skatepark og på ein fjelltopp ikkje langt unna ligg ei flott, ny Dagsturhytte.
Stadlandet skule er mykje nytta på ettermiddags- og kveldstid til song- og musikkøvingar, treningar som fotball, idrett, trim og møteverksemd. Stadlandet skyttarlag har ogso innandørs skytetrening i kjellaren.