SFO

Opningstider

Kvar morgon: Kl. 07.30 – 08.50

Måndag, tysdag, torsdag og fredag: Kl. 14.30-16.30. Onsdag: Kl. 10.50 – 16.30

SFO følger skuleåret, men har tilbod delar av haustferie og vinterferie ved fem påmelde.

Påmelding

Påmelding skjer via Vigilo. Påmeldingsfrist er 1. august, men det er likevel høve å søkje om plass gjennom skuleåret. Eleven kan då starte på SFO 3 veker etter innsendt søknad. Ein må melde på eleven på nytt kvart skuleår. Påmeldinga er ikkje løpande for alle åra inntil ei oppseiing, men krev fornya søknad kvart skuleår.

Oppseiing av plass

Plass i skulefritidsordninga kan seiast opp frå den 1. i kvar månad med minst ein månads varsel. Det skal betalast vanleg foreldrebetaling i oppseiingstida sjølv om barnet ikkje nyttar plassen. oppseiingsskjema finn de på www.stad.kommune.no

Feriar

SFO held ope veka før skulestart, og ons-, tors- og fre-dag i haustferieveka og vinterferieveka, så lenge det er minimum 5 påmelde per dag. Opningstida er i feriar kl. 07.30 – 15.30.  Fristen for påmelding er 3 veker før kvart ferieopphald. Påmeldinga er bindande. De finn elektronisk påmeldingsskjema til feriane på www.stad.kommune.no

 

Har de spørsmål, ta kontakt:

SFO: 94 79 34 18                                                                                                                                   

Skulen v. rektor: 95 21 21 76                                                                                                                monica.hellenes@stad.kommune.no