Branntryggleik BranntipsMeld inn branntips på dette skjemaet om du er bekymra for at det skal oppstå brann. Sjemaet går direkte til Stad kommune. Branntryggleik Les om branntryggleik FyringstipsUnngå pipebrann - rett fyring. Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. for å lære. Branntryggleik i næringsbygg, burettslag og sameigeAlle som driv verksemd i eit næringsbygg eller liknande skal setje seg inn i kva krav som blir stilt til branntryggleik. Burettslag og sameige blir rekna som verksemd. Alle verksemder har plikt til å arbeid systematisk med branntryggleik. Krav som blir stilt til ei brannsikker verksemdLes meir om kva krav som blir stilt til ei brannsikker verksemd.Veiledning til forskrift om brannforebygging.Særskilt brannobjektEit særskilt brannobjekt er byggverk, område, tunnelar, verksemder m.m. der brann kan føre til tap av mange liv. Dette gjeld også stader der brann kan føre til store skader på helse, miljø¸ eller materielle verdiar. Særskilte brannobjekt har spesielle krav til organisatoriske tiltak. Eid kommune har faste tilsyn med desse objekta. Kommunen har plikt på seg å ha oversikt over særskilte brannobjekt. Sjå Brann og eksplosjonsvernlova §13 Brannvern i landbruketLandbrukets brannvernkomité er eit samarbeid mellom sentrale aktørar innan relevant næringsliv. Landbrukets brannvernkomitésom arbeider for å førebyggje og avgrense omfanget av branner i landbruket. Sjå denne sida for meir informasjon Propangass i hus og hytteRett oppbevaring og jamleg kontroll av gassutstyret reduserer faren for brann og lekkasjar.Oppbevaring av gassflaskerGassflasker skal alltid stå oppreist, på eit stabilt underlag. Sikkerheitsventilen fungerer berre som han skal når flaska står oppreist.Ei tom flaske kan framleis innehalde gass. Oppbevar og handter henne på same måte som ei full flaske.I ein bustad eller ei hytte kan du oppbevare maksimalt to gassflasker på 11 kilo kvar.Du skal ikkje oppbevare gassflasker på loft eller i kjellar.Sørg for god ventilasjon, og hald flaskene unna sterk varme og tennkjelder.Oppbevar gjerne gassflaskene utandørs i eit ventilert skap av materiale som ikkje kan brenne, til dømes metall. Skapet skal vere låst, og flaskene skal vere sikra mot å velte.GasslangarBruk slangar som er eigna for propan.Slangen mellom gassflaska og gassapparatet skal ikkje vere lengre enn 1,5 meter.Heile slangen må vere tilgjengeleg, slik at du enkelt kan kontrollere han.Kontroller slangen kvart år. Byt han kvart tredje år, eller tidlegare dersom du oppdagar sprekkar eller andre skadar.Kontroller at slangar og koplingar er tette etter montering og før bruk.Fast røroppleggSkal du føre gass gjennom ytterveggen, må du bruke faste røyr.Montering av faste røyr skal utførast av fagfolk med dokumentert kompetanse i installasjon av anlegg for gassformig brensel. Dette kan til dømes vere ein røyrleggjar med nødvendig tilleggsopplæring.GassvarslarVi tilrår at du monterer ein gassvarslar som varslar om lekkasjar. Følg monteringsrettleiinga, slik at varslaren blir plassert rett.Les meir om trygg bruk og oppbevaring av gass hos DSB Publisert 02.12.2019 14.52 Sist endra 08.10.2026 16.05