Krav - handel med fyrverkeriHandel med fyrverkeri er regulert av forskrift om handtering av eksplosjonsfarleg stoff. Sjå rettleiar til handtering av fyrverkeri på DSB si nettsideUnder er eit utdrag av krav frå rettleiaren til forskrifta for handel og oppbevaring av fyrverkeri. Oversikta er ikkje uttømande! Generelt: Særskilt utpeika person skal enten vere innehavar av verksemda eller ein annan tilsett i verksemda som har løyve til handel. Virksomheita som skal søkje, må drive med handelsverksemd med salg av varer over disk. Container og salgsstad skal vere plasserte som beskrevet i søknaden. Informasjon om tryggleik vert formidla til kundar (plakat, brosjyre osv). Kundar skal ikkje ha direkte tilgang til fyrverkeri kat. 2 og 3. Fyrverkeri må ikkje oppbevarast saman med brannfarleg vare. Dørene til oppbevaringsstaden må haldast lukka. Eigna sløkkjemateriell tilgjengeleg. Apparatet skal ha vore kontrollert det siste året. Lager og salgsstad må merkast med at røyking og bruk av eld er forboden. Det er ikkje tillate å overdra eller leige ut løyvet til andre. Handelslokale: Lokalet er definert som eigen branncelle. Forskriftsmessige rømningsveier. Øvrige varesortimentet som finst i handelslokalet er forenleg med det å selje fyrverkeri. Eige rom i tilknyting til handelslokalet for oppbevaring av fyrverkeriartiklane utanom opningstida, eigna for oppbevaring av 100 kg NEI, eller det er moglegheit for plassering av særskilt godkjend container på utsida og i rimelig nærleik av handelslokalet. Lett antennlege varer i nærleiken av salgsdisken må fjernast. Lokalet skal vere innretta slik at publikum ikkje får direkte adgang til fyrverkeriartiklane. Publikum skal ikkje ferdes rundt i lokalet etter at dei har fått utlevert fyrverkeriartiklane. Salet av fyrverkeri skal innrettast på ein slik måte at dette skjer når publikum er på veg ut av lokalet. Eigna slokkemateriell skal vere i umiddelbar nærleik av salgsdisken. Lokalet må tilfredsstille plan- og bygningslovgjevinga i den grad det er nødvendig for å sikre at føresegnene i brann- og eksplosjonsvernlova og eksplosivforskrifta er oppfylte. Utlevering og oppbevaring av fyrverkeri er forbode nærare enn 25 meter frå bensinstasjon. Det vil seie at avstandskravet gjeld ikkje frå pumpene, men frå stasjonens yttergrense. Det er ikkje tillate å utlevere eller oppbevare fyrverkeri i kjøpesenter. Selve utleveringa av fyrverkeriet må skje frå eit salgsstad plassert på utsida av kjøpesenteret. Det skal ikkje vere bueiningar i same bygg som lokalet der det føregår utlevering og oppbevaring av eksplosiv vare. Det er i forskrifta ikkje gitt opning for ubebodde bueiningar. Utandørs salsstad: Tydeleg merka kven som står for salet. Oppslag om forbod mot røyking og all bruk av open eld. Handel føregår over disk (opning, luke), kun 1 side open mot publikum. 5 meter frå parkerte bilar. 5 meter frå uklassifisert vegg i bygning. 1 meter til ubrennbar fasade (dokumentert EI 60 eller betre). Salgtelt skal ha grunnkonstruksjon i tre eller metall, og vere kledd med eit materiale av god vatn- og vindavvisande kvalitet. Elektriske anlegg for lys og varme i/på salgsstadet skal vere fastmonterte og ha låg overflatetemperatur. Dersom oppbevaringscontainer vert nytta som salgsstad, skal den vere delt i to og ikkje ha direkte tilgang mellom oppbevaringsdel og salgsdel. Skillet skal vere klassifisert EI 60. Det er ikkje tillate med direkte utlevering frå oppbevaringscontainer eller køyretøy. Utlevering av varer skal skje over disk. Lagringscontainer: Max 250kg netto eksplosiv innhold (NEI) per godkjent container. Alarm som ved innbruddsforsøk tidleg varslar næromgjevnadene med lyd. Stålcontainer som er låst med 2 stk FG-godkjente hengelåser minst klasse 3. Innvendig finerplater (28 mm gulv, 12 mm tak og vegg). NOR-kobling på dør. Dørene er sikra med to bommar. Utstyrt med ventilasjonsopningar som er beskytta. Dersom avstanden mellom containeren og utvendig salgsstad er mindre enn 5 meter, skal containeren vere tilkopla med ein 10 meter lang brannslange. Lagringscontainer - Tryggleiksavstandar:1 meter frå dokumentert EI 60 vegg, eller betre. 4 meter frå vindu/annan opning. Sideveis når container er plassert 1 meter frå EI 60 vegg. 10 meter frå kjøretøy. 10 meter frå brannfarleg vare og 10 meter frå uspesifisert vegg (i eigen verksemd). 25 meter frå bustad. 15 meter frå naboverksemd. 25 meter frå brennbart opplag/bygning. 10 meter frå små brennbare opplag (inntil 5 m²). 25 meter frå offentleg veg, dersom det er fysisk skilje (som hindrar påkøyring) mellom, kan containeren plasserast 10 meter frå skiljet. 10 meter mellom 2 oppbevaringscontainarar med fyrverkeri (plassert i same retning). Publisert 23.01.2025 13.07 Sist endra 23.01.2025 14.24