I systemet for telefonvarsling kan du sjekke om ditt telefonnummer er registrert på di adresse: telefonvarsling
Om du ikkje ligg inne i systemet, kan du legge inn adressa di og dermed er du registrert.
Kva varslar vi om?
- Vi varslar deg ved endringar i vannforsyninga, varsling kan og brukast i beredskapssituasjonar.
- Varsling skjer med SMS til mobiltelefoner og talemelding til fasttelefoner.
- Vi kan sende varsel til innbyggarane og verksemder i heile kommunen eller til eit avgrensa område.
- Innbyggarar under 16 år mottar ikkje varsling.
Når vi deg eller di verksemd?
Telefonlista våre blir sjekka mot offentlege telefonregister og folkeregisteret. Er du er usikker på om vi når deg via telefonvarsling kan du sjekke opplysningane som er registrert på deg eller din verksemd i folkeregisteret.
Er du usikker på om du er registrert på adressa der du bur? Sjekk opplysningene dine i folkeregisteret.
Sjekk registrert e-post og telefonnummer
Er du usikker på om du er registrert med rett e-postadresse og/eller mobilnummer? Dette ligg i den nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret.