Vassforsyning

Stad kommune eig og driftar desse vassverka: 

  • Bryggja vassverk           
  • Holmøyane vassverk     
  • Kaldekloven vassverk   
  • Ljådalsvatn vassverk     
  • Nordfjordeid vassverk  
  • Selje vassverk og         
  • Stadlandet vassverk      

Drikkevatn som kommunen leverer skal vere hygienisk trygt, klart og utan lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde fysiske, kjemiske eller biologiske komponentar som kan medføre helsefare.

Forsyning av drikkevatn er underlagt Drikkevannforskriften som stiller krav til vasskvalitet, godkjenning og drift av vassverka.

Vasskvaliteten vert kontrollert og dokumentert gjennom eit fastlagt prøvetakingsprogram.
Kommunen skal varsle abonnentane om planlagde driftsavbrot og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten ved annonsering på heimesida og i lokalavisa.

Ved uventa driftsavbrot kan vatnet verte minimumsklora, i samsvar med Mattilsynet sine retningsliner.

Mat-miljølaboratoriet AS står for kontroll av drikkevasskvaliteten i Stad kommune og de finner kontrollrapportane her

Vil du  gje tilbakemeldingar om vasskvaliteten kan du gjere det her