Kosting av kommunale vegar og plassarNår vintersesongen er over, startar arbeidet med å koste bort strøsand frå kommunale vegar og plassar. For å sikre god framkome, betre trafikksikkerheit og eit triveleg nærmiljø, vert dette arbeidet gjort kvar vår.Stad kommune leiger inn eksterne entreprenørar til kostearbeidet. Det er mange vegar, gangvegar og plassar som skal kostast, og arbeidet tek derfor noko tid.Prioritering av kostingVi kostar vegane i denne rekkefølgja:Hovudvegar og gang- og sykkelvegar i sentrumsområdaOmråde rundt dei mest brukte kommunale byggaRuter som blir nytta av 17. mai-paradetog i bygdeneAndre kommunale vegar og plassar i bygder og tettstaderKva betyr dette for deg?Kostebilen rekk ikkje overalt på same tid. - Det kan derfor gå litt tid før din veg eller plass vert kosta. Vi ber om forståing for dette.For å gjere arbeidet raskare og meir effektivt, oppmodar vi om at bilar ikkje vert parkerte langs vegen når kosting pågår.TidsromKostearbeidet startar normalt tidleg på våren, så snart ver- og føreforholda tillet det, og kan vare i fleire veker.Har du spørsmål?Dersom du har spørsmål om kosting av kommunale vegar eller plassar, kan du ta kontakt med Stad kommune via servicetorget, tlf. 57 88 58 00. Publisert 29.04.2026 16.02 Sist endra 29.04.2026 16.32