Veglys og drift av desse

Stad kommune driftar alle veglysa langs dei kommunale vegane. 
Langs fylkesvegane er det Vestland fylkeskommune som har ansvar for veglysa, med unntak av nokre få.
Veglys langs riksvegane er Statens vegvesen sitt ansvar. Feil på veglys langs riksvegane, må meldast på telefon 175.

Frå 1. april 2026 overtek Vestland fylkeskommune all drift av veglys på følgjande strekningar:

  • FV 5746 Osvegen
  • FV 618 Flatraket
  • FV 618 Rundereim
  • FV 618 Selje - i retning Berge
  • FV 5752 Kyrkjevegen - i retning Skårbø
  • FV 619 Sandvikeidet
  • FV 620 Årsheim
  • FV 620 Otnheim - Leikanger
  • FV 5753 Leikanger - Øvre Stave
  • FV 5751 Leikanger - Borgundvåg
  • FV 5750 Årvik
     

Meld frå om feil og manglar på lys