Asfaltering i Stad kommune

Vicktor Brunnvoll NCC

NCC startar asfaltering for Stad kommune i Kyrkjebakken på Leikanger på Stadlandet måndag 21.august.

Bebuarar som skal ut med bilar bør parkere ved kyrkja.

Det vert også asfaltering av områder i Korsen i Leikanger sentrum, samt ein gang-/sykkelveg frå sentrum mot kyrkja.

Vidare vert det også noko asfaltarbeid på vegen mot Eltvik ved Røyrabogneset. Trafikkantar til/frå Eltvik må rekne med noko ventetid under asfalteringa då der ikkje er passering.

 

I Selje-området vert det asfaltering frå måndag 21.august av vegen på Nedre Berge. Trafikkantar må rekne med å bruke den austlege avkøyrsla på Nedre Berge asfaltering pågår, og at der uansett vil vere noko problem å kome seg fram pga asfaltbilar. Der vil også bli asfaltert nokre mindre områder rundt om i Selje sentrum.

På Flatraket vert det asfaltering av deler av vegen i Fosselida, samt ved barnehagen. Truleg vert det oppstart asfaltarbeid på Flatraket tysdag 22.08.

Bebuarar i desse områda det vert asfaltert i vert oppmoda om å berekne ekstra tid om ein har ærend med bil.

 Stad  kommune ber om at trafikkantar har tålmod og viser omsyn i trafikken!