Biologer på feltarbeid i elvar og innsjøar

Christian E Pettersen

Kommunen deltek saman med fleire kommunar i Vestland i eit samarbeid med fylkeskommunen og Statsforvaltaren om å undersøke fleire elver og innsjøar. Undersøkingane vil gje svar på kva for miljøtilstand vassførekomstane våre har og gje ein peikepinn på eventuell ureining.

Undersøkinga er ein del av arbeidet for at alle innsjøar, elver, kystområde og grunnvatn skal oppnå miljømål etter vassforskrifta. Faun naturforvaltning er leigd inn for å samle inn og analysere vassprøver og prøver av planteplankton, botndyr og algar. Undersøkingane vil etter planen skje i mai-november. Resultata frå undersøkingane vil bli gjort tilgjengelege på nettsida Vannportalen (https://www.vannportalen.no/vannregioner/vestland/vassomrade/ytre-sogn/kunnskapsgrunnlaget/) i løpet av våren 2024.

Staffan Hjohlman

 

 

Følgjande elver og innsjøar i Stad kommune inngår i arbeidet i 2023: 

Kommune

Namn vassførekomst Vann-nett

ID vassførekomst Vann-nett

Ev. anna namn

Stad

Bekkefelt Deknepollen-Selje

091-24-R

Berstad

Stad

Bekkefelt Deknepollen-Selje

091-24-R

Rundereim

Stad

Bekkefelt - Vågsøy kommune fra Tennebø til og med Bryggja

089-102-R

Noraelva

Stad

Myreelva ved Drage

091-26-R