Detaljregulering for Kalnes næringsområde - kunngjering av planvedtakStad kommunestyre vedtok detaljregulering for Kalnes næringsområde i møte den 23. mars, sak 23/037. Perspektiv av planlagt næringsområde på Kalnes. Illustrasjon: Stadsutviklaren Formålet med planen er å legge til rette for næringsetablering på Kalneset ved Bryggja, som omfattar verksemd knytt til sjømatproduksjon, forsking og kontorplassar for marine næringar. KS- 23/037 Vedtak: Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12, vert detaljreguleringsplan for Kalnes næringsområde, planID 2022012, vedteken. Eventuell klage Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jf. forvaltningslova kapittel VI. Ei eventuell klage på detaljregulering for Kalnes næringsområde må rettast skriftleg til Stad kommune per e-post til post@stad.kommune.no eller per post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 sett til 18. april 2023 (tre veker frå den dagen vedtaket er kunngjort i avisa). Sjå dokumenta i saka her: Sak KS-23/037 med alle dokument Juridisk bindande dokument: Planføresegner Plankart Planomtale inkl. ROS og KU Vedlegg til saka: Teikningar: Illustrasjonsplan Snitt A30-1 Vegteikning C-001 VAO-plan Analysar/utgreiingar/notat: KU Naturmangfald og naturressursar Områdestabilitetsvurdering land Områdestabilitetsvurdering sjø Risikovurdering av forureina sediment Skredfarevurdering Støyfagleg utgreiing Kulturhistoriske registreringar Prosessnotat. Dialog Statens vegvesen. 03.11.2022 Prosessnotat. Dialog Statsforvaltaren i Vestland. 16.02.2023 Dokument frå sakshandsaminga: Saksframlegg med påført vedtak Merknadsskjema etter varsel om oppstart, 05.09.2022 Merknadsskjema etter høyring og offentleg ettersyn, 01.03.2023 Publisert 27.03.2023 21.54 Sist endra 20.11.2024 15.12