Detaljregulering for Nordøyrane, del 2 - kunngjering av planvedtak

Stad kommunestyre vedtok detaljregulering for Nordøyrane del 2 i møte den 23. mars, sak 23/038.

Skisse av framtidig situasjon på Nordøyrane. Illustrasjon: ARKI Arkitektar as

Formålet med planen er å legge til rette for sentrumsutvikling på Nordøyrane i Nordfjordeid sentrum, med areal til sentrumsbustadar og tenesteyting, som femnar om næring med tilhøyrande kontor og undervisning.

KS- 23/038 Vedtak:  

1. Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 vert detaljreguleringsplan for Nordøyrane del 2, planID 2022001, vedteken.  

2. Reguleringsplanar som blir berørt av detaljregulering for Nordøyrane del 2 (planID 2022001), inkludert alle seinere planendringar og tilhøyrende føresegner, blir oppheva og erstatta. Dette gjeld: a. «Utbyggingsplan for Nordøyrane nord for Fargarelva - Tun 1», planID 2006010, vedteken 05.09.2006, b. Del av «Nordøyrane nord for Fargarelva», planID 2005003, vedteken 02.11.2006, c. Del av «Reguleringsendring Normatic», planID 2008002, vedteken 08.08.2008 

Eventuell klage

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jf. forvaltningslova kapittel VI. Ei eventuell klage på detaljregulering for Nordøyrane del 2 må rettast skriftleg til Stad kommune per e-post til post@stad.kommune.no eller per post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 sett til 18. april 2023 (tre veker frå den dagen vedtaket er kunngjort i avisa).

Sjå dokumenta i saka her:

Sak KS-23/038

Juridisk bindande dokument:

Vedlegg:

Dokument frå sakshandsaminga: