Du kan røyste frå 3. juli! 

I perioden måndag 3. juli – onsdag 9. august kan du tidlegrøyste til Kommune- og fylkestingsvalet 2023. I denne perioden kan du berre stemme på parti – ikkje på kandidatar

Førehandsrøysting 

Du kan førehandsrøyste i perioden torsdag 10. august – fredag 8. september i resepsjonen i Stad rådhus, i innbyggjartorget i kommunehuset i Selje eller i kva kommune du ønskjer i heile landet.

Valdagen 

På valdagen måndag 11. september kan du røyste i dei 10 valkrinsane i Stad kommune – Hjelle, Nordfjordeid, Haugen, Stårheim, Kjølsdalen, Bryggja, Flatraket, Selje, Stadlandet og Refsnes. På valdagen må du røyste i den kommunen du har registrert bustadadresse den 30. juni. Du kan berre røyste ein gong.