Eigenberedskapsveka 2023

I veke 44, frå 30. oktober til 5. november inviterer DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) kommunar og innbyggarar til å vere med på Eigenberedskapsveka 2023.

DSB arbeider med å førebygge ulykker, kriser og andre uønska hendingar i Norge. Målet med veka er å sette fokus på eigen beredskap og sørge for ei godt førebudd befolkning. 

- Med enkle grep blir du betre rusta til å klare deg sjølv i minst tre døgn i ei krise, seier leiar for brann- og beredskap i Stad kommune Geir Petter Hatlenes. Gjennom nettsida sikkerhverdag.no gjev DSB info om korleis ein enkelt kan forebygge uhell i heimen. Her finn du også tips til korleis du kan bli betre rusta til å takle litt større kriser og hendingar.

Stad kommune oppmodar alle til å gjere eit lite løft for beredskapen i kommunen!