Eit bygg for framtida!

Onsdag 21. juni kunne innbyggjarar og tilsette endeleg feire at det nye helsesenteret for ytre Stad er klart til bruk. 

I overkant av 200 personar møtte fram då Stad kommune offisielt opna dørene til det nye helsesenteret i Selje. Med ordførar Gunnar Silden i spissen blei hendinga markert med talar, kaffi og kake, og flott musikk frå borna i Selje barnehage, Selje skulekorps og Stadlandet skulemusikk.

Det nye helsesenteret inneheld legekontor, helsestasjon, venterom, akuttrom, laboratorium, rom for blodprøver, stellerom, møterom, garderobar og pauserom for dei tilsette. Til dagleg vil ca 10 tilsette ha arbeidsplassen sin i det nye bygget; to helsesjukepleiarar, ei jordmor, tre legar, samt sjukepleiarar og anna hjelpepersonell.
 

Åtte tilsette ved inngangen til Selje helsesenter - Klikk for stort bileteEin flott og glad gjeng tilsette ser fram til ein ny jobbkvardag på Selje helsesenter. Stad kommune
Tre personar held på eit kunstmåleri - Klikk for stort bileteKommunalsjef Barbro Longva og kommunedir. Åslaug Krogsæter overrekte ei flott kunstgåve til venterommet. Einingsleiar Linda Gotteberg tok imot gåva på vegne av alle som skal nytte huset.
Kommunedirektør og ordførar i Stad kommune står foran Selje helsesenter - Klikk for stort bileteStrålande nøgde med resultatet. Kommunedirektør Åslaug Krogsæter og ordførar Gunnar Silden.

- Det er svært kjekt at vi no har fått på plass eit godt og framtidsretta bygg og helsesenter for ytre del av kommunen. Dette vil bety mykje både for innbyggarane, dei tilsette sitt arbeidsmiljø og rekruttering av framtidige ressursar til tenesta, sa kommunalsjef Åslaug Krogsæter under opninga.

Saman med det nyleg oppgraderte Hoffhuset, som no er felles base for heimetenesta og bu- og miljøtenesta, Seljetunet og omsorgsbustadane, er alle helse- og omsorgstenestene no samla på eit og same område i Selje. Nærleiken vil gjere det enklare for enkelte brukarargrupper, og ikkje minst gjere koordinering og samhandling mellom tilsette i tenestene enklare og betre, understreka ein nøgd kommunedirektør. 

For kommunalsjef helse og omsorg, Barbro Longva, var opninga ein viktig milepæl i arbeidet med tenesteutviklinga i kommunen. 
- Dette er ein merkedag for Stad kommune. Eg er både ydmyk og glad for at vi har fått til eit flott, velfungerande og framtidsretta bygg til det beste for innbyggarane i ytre del av kommunen vår, sa Barbro Longva i talen sin.

Det å ha ein velfungerande lege- og helsestasjonsteneste er heilt avgjerande i ein kommune. Eg opplever at vi har fått dette godt til i Stad kommune, både på Nordfjordeid og i Selje. Her har kommunen satsa stort for at vi skal ha nære tenester til dei som treng det i kvardagen, og at våre tenesteutøvarar skal nå kvarandre og samhandle godt.

Likeverdige tenester

- Både nasjonalt og regionalt har det dei siste åra vore utfordrande å rekruttere, men i Selje har vi vore spesielt heldige å ha ei stabil legeteneste over tid. Det skal vi vere stolt av. I tillegg har vi hjelpepersonell med lang erfaring som er godt kjend og bidreg til at legetenesta fungerer godt. Vi har også ei velfungerande helsestasjonsteneste, og det har stor verdi at desse tenestene er samlokalisert i dette flotte, nye bygget. Oppgåvene som skal utførast her er ei av dei viktigaste oppgåvene som skal utførast i ein kommune. Det er derfor avgjerande at innbyggjarane får ei sikker teneste og vi at sikrar denne typen tenesteproduksjon godt for framtida.

- Likeverdige tenester er faneberande for tenesteutviklinga, noko vi tilstebar ved å ha felles leiar og gode leiarteam som saman utviklar tenestene i takt på sitt område. Slik jobbar vi også på tvers av dei ulike tenesteområda innan helse og omsorg, understreka Barbro.

I helseavdelinga i Stad kommune er det Linda Gotteberg som er einingsleiar. Ho har eit overordna ansvar for bl.a helsesenteret i Selje. På laget sitt har ho med seg avdelingsleiarar som jobbar både i Eid og Selje og som saman har ansvar for å utvikle tenestene i takt i heile kommunen.  
- Vi har stor tru på at modellen vi har valgt for Stad kommune er riktig for å få til god tenesteoppfølging og tenesteutvikling. Slik kan klare å møte dei utfordringane vi har og som vi veit kjem i framtida, og jobbe for likeverdige tenester i heile kommunen vår.

God prosess

I prosessen med huset har det blitt jobba veldig godt i prosjektgruppa for det nye helsesenteret. Kommunalsjef og kommunedirektør gav stor ros til arbeidet dei tilsette har lagt ned i prosjektet, og takka involverte for ein velfungerande og løysningorientert prosess.

Hovudentreprenør har vore Veidekke Entreprenør, som har hatt med seg fleire lokale og regionale underleverandørar. Torfinn Myklebust har vore prosjektleiar for Stad kommune. I tillegg har det vore ei prosjektgruppe, leia av einingsleiar Linda Gotteberg.